Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter
Title in Norwegian: Ynskjer du ein variert jobb?
This is a 100% locum position as a nurse for one year, from 1 January 2027 to 31 December 2027. You will work 60% in rotation shifts including weekends at the residential care centre and 40% daytime at the local doctor's office. The role involves nursing care, patient support, medication management, laboratory work, blood tests and vaccinations.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Me har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar. 60 % tredelt turnus med helg ved Årdal omsorgssenter og 40 % på dagtid ved Hjelmeland legekontor, med tiltreding frå 01.01.2027 til og med 31.12.2027.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ein demens avdeling med 8 langtidsplassar og ein somatisk avdeling med 13 langtidsplassar. Som sjukepleiar her jobber ein turnus med helgearbeid.
Hjelmeland legekontor ligg i helsehuset på Hjelmeland.
På legekontoret jobbar legar og sjukepleierar. På helsehuset er det i tillegg til legekontor: helsestasjon, fysioterapi, mestringseininga, tilrettelagde tenester, barnevern, NAV og tannlegekontor.
Sjukepleiar med 10 år eller mindre ansiennitet får ein garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Arbeidsoppgåver ved Årdal omsorgssenter
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- sjukepleiefaglege oppgåver i avdelinga
- dokumentasjon
- legemiddelhandtering
- velferdsteknologi
- ivareta bebuarane sine individuelle behov
Arbeidsoppgåver ved legekontoret
- laboratoriearbeid med blodprøvetaking og analysering, vaksinering, injeksjonar, infusjonar, spirometri, EKG, sårbehandling m.fl.
- gi faglige råd og vurderer øyeblikkelig hjelp både i telefon og på kontoret
- ulikt administrativt ansvar
- resepsjon/timebok- telefonbetjening
- scanning og innskriving av epikriser og prøvesvar
- bistå lege ved små kirurgiske prosedyrer
Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- er sjølvstending og tar initiativ i sitt arbeid
- har god kjennskap til data/ fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- som er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- relevant praksis innanfor arbeid med akuttmedisin og legekontor vil bli vektlagt
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B ønskjeleg, men ikkje eit krav
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- lokalt forhandla tillegg for ubekvem arbeidstid
- godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- mogelegheit for fagutvikling og kompetanseheving med stipendordningar
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens
heimeside for meir informasjon.Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 25 November 2026.
The job is in Årdal I Ryfylke.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter.
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
Apply by · 22 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Eli Nesvåg
postmottak@hjelmeland.kommune.no+47 404 39 089Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.