Øygarden kommune Heimetenesta
Title in Norwegian: Heimetenesta
Øygarden municipality is recruiting a qualified nurse for their home care service in the Bildøy area. You will work with patients in their homes across different care situations, both independently and in teams within a structured geographic division. The role requires nursing authorization, a driving licence, Norwegian language proficiency, and ideally some experience in home care services.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Avdeling Bildøy har ledig stilling som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå november 2026
Sjukepleiar 100% fast der 20% er knytt til timebank.
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Som vår nye kollega vil du kunna få 100% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du òg ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen.
Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 8 November 2026.
The job is in Straume.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Øygarden kommune Heimetenesta.
In Norwegian
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Apply by · 4 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Kate S. Løland
kate.loland@oygarden.kommune.no+47 950 71 121+47 561 60 500This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.