Written by Universitetet i Bergen
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i sannsynsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.
Stillinga skal gje lovande kandidatar høve til å gjennomføre forsking på høgt nivå som fører fram til ein doktorgrad i sannsynsteori. Doktorgradsprosjektet vil ta opp grunnleggjande problemstillingar innan det breie fagområdet stokastiske prosessar på nettverk, med særleg vekt på modellar med langtrekkjande avhengnad og interaksjonar i rom og/eller tid. Stipendiaten vil verte ein del av eit aktivt og internasjonalt orientert forskingsmiljø og få høve til å samarbeide med forskarar ved partnarinstitusjonar i Europa. Prosjektet er knytt til det europeiske forskingsnettverket mSpace og gjev tilgang til workshopar, forskarskular og forskingsopphald.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Stein Andreas Bethuelsen, Matematisk Institutt, på stein.bethuelsen@uib.no eller instituttleiar Antonella Munthe-Kaas Zanna, Matematisk Institutt, på antonella.zanna@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 91 jobs in the occupation group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in Vestland over the last 90 days.
NOK 770,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 610,000 and NOK 920,000.
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 28 other open jobs in the occupation group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in Bergen right now, with 4 employers. 16 of them came in the last week.
See all open jobs as stipendiat i sannsynsteori in Bergen
Want to know when new jobs as stipendiat i sannsynsteori in Bergen come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have 26 other open jobs with us right now, and they have advertised 76 jobs since July 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg. no. 974799154
In Norwegian
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number 665dd567-02c3-4301-a3f3-911c185f03e7. See it at Nav · See the original ad at the employer
Apply by
43 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Universitetet i Bergen.
Karoline Christiansen
HR adviser
karoline.christiansen@uib.no+47 555 84 770Universitetet i Bergen
Title in Norwegian: Stipendiat i sannsynsteori
The University of Bergen's Department of Mathematics is seeking a PhD candidate in probability theory for a three-year stipend period, with the possibility of a fourth year focused on teaching and research support. The candidate will conduct research on stochastic processes on networks, particularly models with long-range dependence and spatial or temporal interactions, as part of an active international research environment connected to the European research network mSpace. Applicants must hold a Master's degree in mathematics, applied mathematics, or statistics and demonstrate strong English proficiency and good written and spoken communication skills.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.