Brattvåg barneskule, Haram kommune
Title in Norwegian: Tilkallingsvikarar
Brattvåg Primary School seeks supply teachers and assistants for the 2026/2027 school year. You will teach or support children aged 1-7, working with a diverse group of over 200 pupils from many nations. The school uses play-based learning for younger classes, outdoor school once per week, and has been certified as dyslexia-friendly since 2017.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.
Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Unni N Krogsæter, Tenesteleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Skulesvingen
6270 Brattvåg
Arbeidsgiver: Haram kommune
Referansenr.: 5144659648
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 01.06.2027
The application deadline is 1 June 2027.
The job is in Brattvåg.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Brattvåg barneskule, Haram kommune.
In Norwegian
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Apply by · 209 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Unni N Krogsæter
Tenesteleiar/Rektor
Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no+47 975 60 016This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.