Bømlo bu- og helsesenter
Bømlo bu- og helsesenter has a job opening in Bremnes. Other, part-time. Requirements: upper secondary school or vocational college. Rotating shifts. The application deadline is 18 December 2026.
Made from the facts in the ad. We do not have an English summary of this ad yet.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar.
Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga:
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Me søkjer:
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud.
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no
Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no
Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald, 479 70 390, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no
Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 472 75 457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5133030884
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.12.2026
The application deadline is 18 December 2026.
The job is in Bremnes.
They ask for upper secondary school or vocational college. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
You have to work at the workplace. Working from home is not possible. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Bømlo bu- og helsesenter.
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
ForsikringBømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Apply by · 45 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Ann Mari Mikalsen
Kjøkkenleiar
ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no+47 472 75 457Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.