Written by Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Brenner du for Hardanger og ønsker en nøkkelrolle i utviklingen av reiselivet i Ullensvang kommune?
Ullensvang kommune er ein attraktiv reiselivskommune med store natur- og kulturopplevingar, sterke lokalsamfunn og eit reiseliv i stadig utvikling. Turistinformasjonen er ein viktig del av kommunen sitt vertskap og arbeidet med å utvikle Ullensvang som reisemål.
No søkjer kommunen ein engasjert og strukturert driftsleiar til eit 100 % vikariat i turistinformasjonen. Stillinga kombinerer operativt driftsansvar med ei spennande rolle som rådgjevar innan reiselivsutvikling.
Du får hovudansvaret for den daglege drifta og koordineringa av turistinformasjonen i Odda, Kinsarvik og Jondal, slik at gjester, innbyggjarar og reiselivsaktørar får eit heilskapleg og oppdatert informasjonstilbod. (Merk: Omfanget av drifta i Jondal og Kinsarvik er under vurdering i samband med kommande budsjettprosess, og ansvarsområdet kan difor bli justert.)
I tillegg til sjølve drifta blir du ein viktig sparringspartnar og rådgjevar for kommunen i reiselivsspørsmål, og bidreg til godt samspel med reiselivsnæringa og andre aktørar i regionen. Du får ein variert kvardag med stor grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke korleis vi møter og informerer besøkande.
Overordna driftsansvar for turistinformasjonen i Odda, Kinsarvik og Jondal, tilpassa ulike driftsmodellar og lokale avtalar (med atterhald om endringar etter budsjettvedtaket i kommunestyret i desember 2026).
Tilsetje, planleggje og følgje opp bemanning, opningstider og rutinar.
Budsjettoppfølging, innkjøp og rapportering.
Bidra til at Ullensvang framstår som ein profesjonell og imøtekomande vertskapskommune. Vere eit kontaktpunkt og sikre oppdatert informasjon i fysiske og digitale kanalar om aktivitetar, overnatting, servering, transport, natur og kultur.
Ansvar for informasjonsmateriell, brosjyrar, kart, digitale skjermar og oppdatering av nettsida.
Vere eit bindeledd mellom kommunen, reiselivsnæringa, destinasjonsselskap og handelsstand, og følgje opp samarbeidsavtalar. Delta i relevante nettverk og vere ein pådrivar for god informasjonsflyt og felles løysingar.
Bidra i kommunen sitt arbeid med destinasjonsutvikling og besøksforvaltning.
Kvalifikasjonar vi ønskjer at du har:
Relevant høgare utdanning innan reiseliv, marknadsføring, kommunikasjon, leiing, samfunnsutvikling eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Erfaring frå reiseliv, turistinformasjon, service eller prosjektarbeid.
God digital kompetanse.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på minimum norsk og engelsk.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
Er sjølvstendig, strukturert og god til å prioritere i ein variert arbeidskvardag.
Er serviceinnstilt og trivst i møte med menneske frå ulike delar av verda.
Har gode samarbeidsevner og likar å byggje relasjonar på tvers av fagmiljø og næringsliv.
Er løysingsorientert, fleksibel og tek initiativ når det trengst.
Har interesse for reiseliv, lokalsamfunn og utvikling av attraktive reisemål.
Vi tilbyr
Ei variert og sjølvstendig stilling med stor breidde i arbeidsoppgåvene.
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle turistinformasjonstilbodet og reiselivet i ein av Noregs mest attraktive reiselivskommunar.
Eit breitt kontaktnett innan offentleg og privat reiseliv.
Ein arbeidskvardag der drift, samarbeid, utvikling og vertskap står sentralt.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Hovudkontoret er i Odda, med aktivitet og møteverksemd i heile Ullensvang kommune. Stilling: 100 % vikariat fra 1. februar 2027 til 1. april 2028.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:
Søk herAIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 89 jobs in the occupation group Salgs- og markedssjefer across Norway over the last 90 days.
NOK 1,075,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 880,000 and NOK 1,350,000.
The ad says: pay according to a collective agreement.AI
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Salgs- og markedssjefer in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There is one other open job in the occupation group Salgs- og markedssjefer in Vestland right now.
See all open jobs in Ullensvang
Want to know when new jobs in Ullensvang come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have one other open job with us right now, and they have advertised 2 jobs since July 2026.
Org. no. 874580112
In Norwegian
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number fdf57834-66d4-43e8-b44c-40c5e65ec785. See it at Nav
Apply by
10 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn.
Gunnvor S. Medhus
Kommunalsjef Kultur, næring og samfunn
gunnvor.s.medhus@ullenvang.kommune.no+47 476 45 338Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
Title in Norwegian: 100% vikariat som driftsleiar turistinformasjonen og rådgjevar reiseliv
Ullensvang kommune seeks an engaged operations manager for a 100% temporary position (1 February 2027 to 1 April 2028) overseeing tourist information services in Odda, Kinsarvik and Jondal. The role combines operational management with advisory responsibilities for the municipality's travel and tourism development. The successful candidate will manage daily operations, staffing, budgets and information services while serving as a key contact between the municipality, travel industry and regional partners.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.