Voss Tannhelsesenter AS
Title in Norwegian: Tannlegeassistent – 60 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjing
Voss Dental Health Centre is recruiting a dental assistant or dental secretary for a 60 percent temporary position lasting one year, with possibility of permanent employment. The role involves patient reception, assisting dentists and orthodontists during treatment, sterilising instruments, managing appointments and administrative tasks. The employer values personal qualities and provides thorough training; prior dental clinic experience is not required.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Voss Tannhelsesenter søkjer tannlegeassistent / tannhelsesekretær til eit 60 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Likar du å arbeida med menneske, trivst med varierte oppgåver og vil vera med på å skapa gode pasientopplevingar? Då vil me gjerne høyra frå deg!
Hos oss møter du barn, ungdom og vaksne som kjem til både tannregulering og vanleg tannbehandling. Som ein del av laget vårt får du ein variert arbeidskvardag der omsorg, samarbeid og godt humør står sentralt.
Du treng ikkje ha erfaring frå tannklinikk for å søkja. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og gir deg grundig opplæring, slik at du kan bli trygg i rolla.
Stilling: Tannlegeassistent / tannhelsesekretær
Omfang: 60 % vikariat i eitt år
Arbeidstid: Tysdag, onsdag og fredag kl. 08.00--16.00
Oppstart: Snarast, etter avtale
Vidare moglegheiter: Moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet
Det er ein fordel om du er fleksibel og har høve til å ta ekstravakter ved behov.
Du får ei viktig rolle i den daglege drifta av klinikken. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å:
Ta imot pasientar og bidra til at dei kjenner seg trygge og godt ivaretekne
Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar under behandling
Klargjera og reingjera behandlingsrom
Reingjera, desinfisera og sterilisera instrument og utstyr
Følgja opp resepsjon, telefon og timebestillingar
Utføra journalarbeid og andre administrative oppgåver
Bidra til god orden, godt samarbeid og flyt i arbeidsdagen
Me ser etter deg som er blid, påliteleg og omsorgsfull, og som likar å arbeida med menneske i ulike aldrar. Du tek ansvar, er nøye i arbeidet og held oversikta også når det er mykje å gjera.
Me ønskjer at du:
Er serviceinnstilt og møter pasientar og kollegaer med respekt og godt humør
Arbeider strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
Er lærevillig og tek initiativ
Kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg
Kan gjera deg forstått på engelsk
Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Erfaring frå tannklinikk, helsearbeid eller service er ein fordel, men me oppmodar òg deg med annan bakgrunn til å søkja.
Grundig opplæring og oppfølging
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Eit godt fagmiljø med kjeveortoped, tannlege og tannpleiar
Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Kurs og høve til fagleg utvikling
Lyse og moderne lokale sentralt på Voss
Løn etter avtale
Moglegheit for fast tilsetjing
Send ein kort søknad og CV til post@vossatann.no. Fortel gjerne litt om deg sjølv, kvifor du har lyst til å jobba hos oss, og når du kan byrja.
Me vurderer søknader og inviterer aktuelle kandidatar til intervju fortløpande -- send gjerne søknaden din allereie no.
Attestar, vitnemål og referansar blir etterspurde i samband med intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande regelverk.
Ta gjerne kontakt med Eric Misje Roman, tannlege og spesialist i kjeveortopedi.
Telefon: 40 22 12 10
E-post: post@vossatann.no
Søknadsfrist: 22.11.26
The application deadline is 22 November 2026.
The job is in Voss.
You have to work at the workplace. Working from home is not possible. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
The ad has no application link. Read the ad to see how to apply, or send an email to post@vossatann.no.
In Norwegian
Voss Tannhelsesenter AS er ein veletablert og moderne tannklinikk i Bøndenes Hus, sentralt på Voss. Me tilbyr spesialistbehandling i tannregulering og generell tannbehandling for alle aldersgrupper. I lyse og trivelege lokale, med moderne utstyr, arbeider me kvar dag for å gi pasientane våre trygg behandling og god oppfølging.
Apply by · 18 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Eric Misje Roman
Tannlege, spesialist i kjeveortopedi
post@vossatann.no+47 402 21 210This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.