Written by Vågå Kommune Heimetenestene
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Kvifor velje å arbeide i Heimetenesta nettopp i Vågå kommune?
Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass og tilbyr fleire ordningar som kan gjere det lettare å etablere seg og utvikle seg fagleg hos oss.
Kandidatar med relevant helseutdanning som arbeider i turnus, blir lønsplasserte med minimum 8 års ansiennitet.
Vi kan vere behjelpelege med å finne mellombels bustad ved oppstart.
*Gjennom den nasjonale ordninga for sletting av studiegjeld i distriktskommunar kan du, dersom du bur i Vågå og oppfyller vilkåra, søkje om å få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.*Les meir på nettsidene til Lånekassen.
Ønskjer du å ta relevant utdanning ved sidan av arbeid, kan vi tilby stipendordningar som støttar dette.
Du får ei god tenestepensjonsordning gjennom KLP, som gir økonomisk tryggleik både medan du er i arbeid og som pensjonist.
Vil du bidra til å utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingssjukepleiar i Heimetenesta vil du få ei sentral rolle i eit framoverlent team som arbeider for å levere trygge, heilskaplege og berekraftige helse- og omsorgstenester til innbyggjarane i Vågå kommune.
I Heimetenesta møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, utvikling og kvalitet står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, tverrfagleg samhandling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfølging av dyktige kollegaer som ser fram til å få deg med på laget.
Som avdelingssjukepleiar vert du ein viktig del av administrasjonsteamet i Heimetenesta. Du arbeider tett saman med avdelingsleiar, og fungerer etter avtale som stedfortredar ved fråvær. Stillinga inneber eit stort fagleg og administrativt ansvar, samstundes som du vil vere ein viktig støtte for dei tilsette i det daglege arbeidet.
Heimetenesta har ansvar for eit breitt spekter av helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur heime. Tenesta arbeider aktivt med velferdsteknologiske løysingar, kvardagsmeistring, førebygging og utvikling av framtidsretta tenester. Vi har stor merksemd på fagutvikling, innovasjon og kompetanseheving, og arbeider kontinuerleg for å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid.
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid på vekedagar.
• Dagleg koordinering og organisering av tenestetilbodet i Heimetenesta
• Oppfølging av arbeidslister og bemanningssituasjon
• Oppfølging av brukarar og pårørande
• Koordinering av komplekse brukarforløp
• Oppfølging av vedtak og tenesteleveransar
• Samhandling med fastlegar, sjukehus, tildelingskontor og andre samarbeidspartnarar
• Oppfølging av journalsystem, dokumentasjon og kvalitetssystem
• Oppfølging av pasienttryggleiksarbeid og legemiddelhandtering
• Rettleiing og fagleg støtte til tilsette
• Oppfølging av opplæringsplanar og kompetanseutvikling
• Oppfølging av avvik, internkontroll og kvalitetsforbetring
• Oppfølging av velferdsteknologiske løysingar
• Bidra til utarbeiding og oppfølging av årshjul
• Delta aktivt i utviklings- og omstillingsarbeid
• Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og samarbeidande partar
• Bidra til god ressursutnytting og forsvarleg drift
• Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømmande
• Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 2 års erfaring
• Vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg eller heimetenester vil kunne vera ein fordel samt evnt utdanning eller erfaring innan ledelse.
• Erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester er ønskjeleg
• Gode kunnskapar om koordinering og samhandling i helse- og omsorgstenesta
• Gode turnuskunnskapar er ønskjeleg
• Evne til å setje seg inn i og nytte nye teknologiske system, mellom anna velferdsteknologiske løysingar
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne (minimum tilsvarande nivå B1)
• Erfaring med dokumentasjon, kvalitetsarbeid og journalsystem er ønskjeleg
• Førarkort klasse B
• Ansvarsbevisst og med evne til å arbeide sjølvstendig og i team
• Høg arbeidskapasitet og god rolleforståing
• Tydeleg og trygg i faget
• Strukturert og systematisk
• God gjennomføringsevne
• Motiverast av utviklings- og forbetringsarbeid
• Særs gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
• Initiativrik og oppteken av å finne gode løysingar til beste for brukarar, pårørande og kollegaer
• Evne til å motivere og rettleie andre
• Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og godt tverrfagleg samarbeid
• Fleksibel, lojal og ein god lagspelar
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
• Ei spennande og sentral rolle i utviklinga av framtidas heimetenester
• Eit utfordrande og variert arbeidsfelt i kontinuerleg utvikling
• Moglegheit til å påverke drift, fagutvikling og kvalitetsarbeid
• Tett samarbeid med avdelingsleiar og leiarteamet i tenesteområdet Helse- og omsorg
• Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Fokus på fag, kvalitet, pasienttryggleik og utvikling
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale
• Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og avtaleverk.
Søknad
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 33 jobs in the occupation group Spesialsykepleiere in Innlandet over the last 90 days.
NOK 760,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 700,000 and NOK 830,000.
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Spesialsykepleiere in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 9 other open jobs in the occupation group Spesialsykepleiere in Innlandet right now, with 9 employers. 2 of them came in the last week.
See all open jobs as avdelingssykepleier in Innlandet
Want to know when new jobs as avdelingssykepleier in Vågå come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have one other open job with us right now, and they have advertised 2 jobs since July 2026.
www.vaga.kommune.noOrg. no. 974562189
In Norwegian
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number e53b914c-8072-422e-9d6e-3cc8f3366c2d. See it at Nav
Apply by
8 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Vågå Kommune Heimetenestene.
Siv Monika Horten
Avdelingsleiar
siv.monika.horten@vaga.kommune.no+47 970 52 650Vågå Kommune Heimetenestene
Title in Norwegian: Heimetenesta i Vågå kommune søkjer avdelingssjukepleiar i 100 % fast stilling
Vågå Municipality Home Services seeks a qualified deputy head nurse for a full-time position. You will play a central role in the administrative team, supporting the department manager and the daily coordination of home care services, with responsibility for staff guidance, patient safety and quality improvement. The employer requires nursing authorization with a minimum of 2 years' experience, good Norwegian language skills (B1 level minimum), and driver's license class B. Work is mainly daytime Monday to Friday.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.