Written by Bufetat
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Stavanger akuttsenter har to akuttinstitusjonsavdelingar for ungdom mellom 13 og 18 år, lokaliserte på Madla (5 plassar) og Røyneberg (3 plassar). Vi søkjer no etter fleire tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!
Hos oss vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Vi jobbar etter eit felles fagleg rammeverk som byggjer på grunnleggjande miljøterapi, og har som målsetjing å skape positiv utvikling gjennom trygge relasjonar, tydelege rammer og støtte til å regulere tankar, kjensler og åtferd.
Som tilkallingsvikar hos oss får du bidra til å gi ungdom tryggleik, struktur og omsorg. Du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna, og får bli ein del av eit dedikert fagmiljø som tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar målretta for å skape stabile og utviklande rammer.
Avdelingane har turnus som omfattar dag- og kveldsvakter (8–16 timar), samt nattevakter (10 timar).
Stillinga kan og bli tillagd andre relevante oppgåver ved behov.
For å arbeide som tilkallingsvikar hos oss, må du oppfylle minst eitt av følgjande krav:
Vi ser etter deg som trivst med å vere tett på ungdom, og som forstår at omsorg og tryggleik blir skapte i alle møte og situasjonar. Du er tydeleg og trygg i rolla, har evne til å setje grenser og stå i dei, og samarbeider godt med andre som ein del av eit team.
Du er engasjert og kreativ, har lyst og pågangsmot til å bidra til meiningsfulle aktivitetar saman med ungdommane, og er samstundes initiativrik og merksam på kva som trengst i kvardagen. For oss er det viktig at du passar godt til rolla som tilkallingsvikar, og personleg eignaheit vil derfor bli tillagd stor vekt i den samla vurderinga.
Stillingane er plasserte i det statlege lønnsregulativet i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 per år. Andre brukarrette fagspesifikke stillingskodar med same lønsplassering kan nyttast i samsvar med det statlege lønnsregulativet og lokal lønspolitikk for Bufetat. Dersom du i tillegg har minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning, vil stillingskodane 1185, 1509, 1510 og 1534 vere aktuelle, p.t. kr 540 000 – 690 000 per år.
Dersom du ikkje har relevant bachelorutdanning, vil du bli plassert i stillingskode 1486 miljøarbeidar, 1488 miljøterapeut eller 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 420 000 – 560 000 per år.
I tillegg kjem turnuskompensasjon i samsvar med tariffavtalane i staten. Lønsplassering og stillingskode blir vurderte ut frå utdanning og erfaring.
I tillegg til dette får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, ungdom og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 149 jobs in the occupation group Barnehage- og skolefritidsassistenter mv. in Rogaland over the last 90 days.
NOK 500,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 455,000 and NOK 540,000.
The ad says: NOK 420,000 to 690,000 a year.AI
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Barnehage- og skolefritidsassistenter mv. in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 14 other open jobs in the occupation group Barnehage- og skolefritidsassistenter mv. in Stavanger right now, with 13 employers. 5 of them came in the last week.
See all open jobs as tilkallingsvikarer in Stavanger
Want to know when new jobs as tilkallingsvikarer in Stavanger come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have 23 other open jobs with us right now, and they have advertised 85 jobs since July 2026.
Org. no. 976248465
In Norwegian
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
See what the Brønnøysund Register Centre says about Bufetat: whether the company exists, whether it is bankrupt and how long it has been registered.
Check the companyThe ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number dae0960b-c5dd-4b39-959e-cbaaa7e16175. See it at Nav · See the original ad at the employer
Apply by
38 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Bufetat.
Bernt Magne Egeland
Fagansvarlig
bernt.magne.egeland@bufetat.no+47 466 19 333Bufetat
Title in Norwegian: Tilkallingsvikarar
Bufetat's Stavanger acute centre seeks call-up substitute staff for two youth emergency care units (ages 13-18). The role involves providing safety, structure and care using an environment-based therapeutic approach, with shift work including day, evening and night shifts. You need a relevant bachelor's degree, to be enrolled in a three-year relevant higher education programme, or three years' experience with care qualifications and a secondary school diploma.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.