Hjelmeland kommune Fister barnehage
Title in Norwegian: Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Fister Kindergarten in Hjelmeland municipality seeks a qualified kindergarten teacher for a 100% temporary position from January to July 2027, working with children aged 3-6. The role involves daily pedagogical activities, planning, documentation, and collaboration with families and colleagues. The successful candidate will be passionate about early childhood education, demonstrate clear leadership, and be committed to creating a safe, inclusive learning environment.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 01.01.27 til 31.07.27 i Fister barnehage.
Fister barnehage har to avdelingar. Denne stillinga er for tida på stor avdeling (3- 6 år).
I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Hjelmelandsbarnehagen er barnehagar i utvikling. Me søkjer ein barnehagelærar som brenn for faget, og som gjennom sitt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- sikra gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske arbeidet
- skapa eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- planleggja og gjennomføra foreldresamtalar
- bidra til eit godt samarbeid med andre tenester
- rettleia og støtta medarbeidarar i det pedagogiske/metodiske arbeidet
- vera oppdatert og vidareutvikla fagleg kompetanse
Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova §25
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28
Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- ulike
rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk
sikker opplasting på kommunens heimeside.Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 15 November 2026.
The job is in Fister.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Hjelmeland kommune Fister barnehage.
In Norwegian
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
Apply by · 11 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Siv Iren Moen Hausken
postmottak@hjelmeland.kommune.no+47 404 39 220Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.