Voss herad Voss barnehage
Voss herad Voss barnehage has a job opening in Voss. Temporary cover, full-time. Requirements: a bachelor's degree, 1-3 years of experience. The application deadline is 11 November 2026.
Made from the facts in the ad. We do not have an English summary of this ad yet.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Er du oppteken av barns beste og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt barnet?
I denne stillinga får du høve til å arbeide tett på barn som treng ekstra støtte i kvardagen med diagnosen autisme. Du vert ein del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innan inkluderande praksis, spesialpedagogikk og tilrettelegging for barn med ulike behov. Som støttepedagog vil du ha ansvar for oppfølging av enkeltbarn i det daglige på avdeling, i smågrupper og ein-til-ein. Du vil arbeida målretta med støtte og rettleiing frå Spesialhelsetjenesta på Haukeland Universitetssjukehus.
Stillinga er eit vikariat i 100% og tiltenkt oppstart 01.12.2026 med varigheit til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning. Oppstart i stillinga kan skje ved eit seinare tidspunkt ut i frå praktiske omstendigheitar for kandidaten.
Hjå oss møter du dyktige kollegaer, vakker natur rett utanfor døra og eit fagmiljø som er oppteke av utvikling. Barnehagen sin visjon er "Vennskap og meistring". Vi har fokus på tilbakemeldingskultur i kvardagen, lesing og språkutvikling er eit felles satsningsområde til vossabarnehagane. Barnehagen er i oppstarten av "Kollektiv kompetanseheving" i samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.
Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Personalgruppa har eit stort mangfold i både alder og personlegheit. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Dette er stillinga for deg som ynskjer å gjera ein reell forskjell. Som støttepedagog i Voss barnehage får du følgje barnet tett i kvardagen og samarbeide med dyktige kollegaer i eit sterkt fagmiljø. Kvar dag er du med på å skape meistring, tilhøyrsle og utvikling for barn som treng det aller mest. Hos oss er laget rundt barnet den viktigaste ressursen vi har. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 11 November 2026.
The job is in Voss.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Voss herad Voss barnehage.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Apply by · 8 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Tor-Einar Wahl
tor-einar.wahl@voss.herad.no+47 908 25 233This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.