Tysnes kommune
Title in Norwegian: Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Tysnes Care Centre seeks dedicated healthcare workers for weekend shift positions (12.21-18.31%) on a rotation basis, working both day and evening shifts approximately every third weekend. Applicants should have formal healthcare qualifications such as nursing, care work, or specialist nursing education, though experience and personal qualities may also be considered; good Norwegian language skills and basic computer skills are required.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Vi har for tida to ledige helgestillingar i 12,21 % – 18,31 %, og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber i to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønsker det kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg.
Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Vi har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Vi arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Vi er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gir oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.
For å søkje må du ha fylt 18 år.
Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.
Vi ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning:
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
Krav til stillinga:
Ønskelege kvalifikasjonar:
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Vi tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg! Vi har ei stipendordning som kan gi deg ekstra støtte i studietida.
Du kan lese meir om studentavtalen på heimesida vår.I tillegg har vi ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet.
Vi tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
The application deadline is 22 November 2026.
The job is in Uggdal.
They ask for a bachelor's degree, a trade certificate or vocational college. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
You have to work at the workplace. Working from home is not possible. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Tysnes kommune.
In Norwegian
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når vi tel med store og små, er vi i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Apply by · 18 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Helga Nilsen Boland
Einingsleiar Tysnes omsorgssenter
helga.n.boland@tysnes.kommune.no+47 951 76 846This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.