Vartdal helsetun
Title in Norwegian: Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon
Vartdal helsetun is recruiting a registered nurse with team lead responsibilities, starting 01.12.2026. The role involves nursing care and health follow-up, use of digital systems and welfare technology, and coordination of daily work including medication management and patient safety. Applicants must hold an official registered nurse qualification, have relevant work experience, and a class B driving licence.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Til denne stillinga er det knytt ein teamleiarfunksjon. Dette betyr at du vil få eit særleg ansvar for:
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi ser etter deg som:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeide tett på menneske og bidra til gode og trygge helse - og omsorgstenester. Du får faglege utfordringar, kollegaer som bryr seg om kvarandre og ein arbeidsplass der vi jobbar aktivt for å finne dei gode løysingane.
Vi satsar på:
Ørsta kommune har gode f
orsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.Arbeidsvilkår: 100 % dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Løn: etter avtale
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Ingunn Gjengedal, kommunalsjef Helse omsorg og velferd, 92436245, ingunn.gjengedal@orsta.kommune.no
6170 Vartdal
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5191451459
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Apply by · 5 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Ingunn Gjengedal
kommunalsjef Helse omsorg og velferd
ingunn.gjengedal@orsta.kommune.no+47 924 36 245Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThe application deadline is 8 November 2026.
The job is in Vartdal.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Vartdal helsetun.
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Keep track of all your applications at once. Draft, sent, interview, offer, rejection, with alerts for deadlines you would otherwise forget.