Written by NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Vestland fylkeskommune har ein omfemnande innsats for å ta vare på vatnet vårt og dei som skal leve i vatnet. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar og statlege etatar.
Fylkeskommunen er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion og har ansvar for å koordinere arbeidet etter vassforskrifta. Målet for arbeidet er å verne om vassførekomstane våre og sikre berekraftig bruk av vatnet. Vassforvaltningsplanen for Vestland er ein heilskapleg plan for vassmiljøet og vassforvaltninga i Vestland. Iverksetjinga av planen skal gje betre miljøtilstand i vassdrag, kystvatn og grunnvatn. Vestland vassregion er pr no delt opp i 9 vassområde, som vert 6 vassområde frå 2028.
Vestland fylkeskommune har ledig ei fast stilling innan vassforvaltning, med gjevande oppgåver der fellesnemnarer er å ta vare på vatnet vårt og dei som lever der.
Vi er på søk etter ein drivande og samfunnsinteressert medarbeidar som har kunnskap og interesse for vassforvaltning. Kontorstaden er Leikanger eller Bergen, med ev opning for Stord som kontorplass for særskilt interessanne kandidatar. Du vil finne mange gode kollegaer både internt i vår seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, og mange gode samarbeidspartnarar i kommunane og hos dei statlege etatane.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak femne om følgjande:
Bidra til å gjennomføre og å oppdatere vassforvaltningsplanen for Vestland med tilhøyrande program:
Arbeid knytt til vassområda:
Arbeid knytt til vassområdekoordinatorfunksjonen, og ved behov fungere som ein vassområdekoordinator for eit vassområde
Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje utadretta kontakt med kommunar, Statsforvaltaren og andre statlege etatar, lag og organisasjonar. Det er noko reiseverksemd i samband med stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning på masternivå. Innplassering blir som rådgjevar/seniorrådgjevar. Kravet til utdanning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis, og dette vil då påvirke den formelle innplasseringa.
Vi vektlegg elles:
Vi vektlegg at du:
Hos oss får du:
Vi har gode kontorlokale både på Vestlandshuset i Bergen og på fylkeshuset i Leikanger. Og for særskilt interessanne kandidatar kan vi ev opne for kontorplass på Stord.
Merete Farstad, Fagkoordinator vassforvaltning, 97742381, merete.farstad@vlfk.no
Endre Høgalmen, Seksjonsleiar naturressursar, landbruk og reiseliv, 95207789, endre.hogalmen@vlfk.no
Lars Hilles gate 12
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5209949896
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2026
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 19 jobs in the occupation group Biologer, botanikere, zoologer mv. across Norway over the last 90 days.
NOK 825,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 725,000 and NOK 955,000.
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Biologer, botanikere, zoologer mv. in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 2 other open jobs in the occupation group Biologer, botanikere, zoologer mv. in Vestland right now, with 2 employers. 1 of them came in the last week.
See all open jobs as biolog in Vestland
Want to know when new jobs as biolog in Sogndal come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.In Norwegian
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
See what the Brønnøysund Register Centre says about NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune: whether the company exists, whether it is bankrupt and how long it has been registered.
Check the companyThe ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number b3470e0f-8c68-4350-9bb1-87815ea39310. See it at Nav
Apply by
20 days leftSave the job and you'll find it again under the Saved tab in Jobs.
Free and without an account: see the requirements in the ad and which of them your CV covers, and get a CV and cover letter written for the job.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune.
Endre Høgalmen
Seksjonsleiar naturressursar, landbruk og reiseliv
endre.hogalmen@vlfk.no+47 952 07 789NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune
Title in Norwegian: Vil du arbeide med å ta vare på vatnet vårt - gjevande rådgjevarstilling innan vatn og miljø
Vestland County Municipality seeks an experienced water management advisor to coordinate water protection and sustainable use across the region. The role involves implementing the Regional Water Management Plan, coordinating with municipalities and state authorities, and providing advisory services on water environment and inland fish management. Requires a master's degree in natural sciences (preferably biology or nature management) and substantial experience in water management or environmental work in public administration.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.