DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Title in Norwegian: Lege før turnus/medisinstudent med lisens
Helse Møre og Romsdal HF seeks a doctor with medical license (cand.med or medical student with license) for a 100% temporary position as doctor in specialisation 2/3 in child and adolescent psychiatry at the 24-hour ward in Ålesund from January to August 2027. You will work with diagnostic assessment, medication, treatment and stabilisation of children and young people with mental health conditions in an interdisciplinary team setting. The role requires excellent Norwegian language skills and strong interpersonal and collaboration abilities.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Er DU vår nye kollega?
Ved døgnseksjonen i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som Lege i spesialisering 2/3, lege før turnus/medisinstudent med lisens frå 01.01.27 til 31.08.27.
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Døgnseksjonen er samlokaliser med poliklinikken i Ålesund. Døgnseksjonen har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og
til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der
kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og
individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid
er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett
miljøterapeutgruppe, jobber det i dag 2 overleger, 1 psykologspesialist og 1 psykolog på døgnseksjonen. I arbeidet med observasjon,
utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi,
foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no
Geilebergvegen 18
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197873794
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 04.11.2026
The application deadline is 4 November 2026.
The job is in Ålesund.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF.
In Norwegian
Apply by · Deadline today
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Beate Olsbø Nilsen
Seksjonsleiar
Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.noThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.