Aukra kommune Service
Title in Norwegian: Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling
Aukra Municipality is seeking an Archives Consultant to manage records, documentation, data protection and information security across the organization. You will advise leaders and staff, ensure quality in daily documentation management, and develop digital processes. The role requires relevant higher education in archives, records management or administration, with strong interest in the field and commitment to continuous learning.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Kvar dag tek kommunen avgjerder som påverkar livet til innbyggjarane. Dokumentasjon blir skapt, personopplysningar blir behandla, og viktig informasjon må vere tilgjengeleg, korrekt og trygg.
Vi har ei ledig 100% stilling som konsulent (arkivleiar) og no ser vi etter deg som vil vere med å ta ansvar for dette.
I denne rolla får du ei sentral oppgåve i arbeidet med dokumentasjonsforvaltning, personvern og informasjonstryggleik. Du bidreg til at kommunen forvaltar informasjon på ein måte som varetek rettane til innbyggjarar og tilsette, oppfyller lovkrav og styrkjer tilliten til kommunen.
Du blir ein viktig rådgivar for leiarar og medarbeidarar i heile organisasjonen. Samtidig vil mykje av arbeidet handle om å sikre kvalitet i den daglege forvaltninga av kommunen sin dokumentasjon og informasjon.
Arbeidskvardagen omfattar både drift og utvikling innan dokumentasjonsforvaltning, arkiv, personvern og informasjonstryggleik. Oppgåvene spenner frå journalføring, kvalitetssikring og oppfølging av rutinar til rettleiing, rådgiving og forbetring av arbeidsprosessar. Samtidig får du vere med på å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og løysingar i takt med nye krav og moglegheiter.
Arbeidsoppgåvene vil utvikle seg i takt med behova i organisasjonen. Som del av fagmiljøet vil du også bidra til felles oppgåver på tvers av eininga.
helst har relevant høgare utdanning innan arkiv, dokumentasjonsforvaltning, administrasjon eller tilsvarande. Kanskje er du sterk innan eitt fagområde og ønskjer å utvikle deg vidare innan dei andre. Det viktigaste for oss er at du har interesse for faga og motivasjon til å lære.
Du er strukturert og sjølvstendig, men trivst også med samarbeid og relasjonsbygging. Du tek initiativ, bidreg til forbetringar og finn gode løysingar saman med andre. Vi trur du er nysgjerrig, utviklingsorientert, oppteken av kvalitet og motiverast av å skape orden, oversikt og gode arbeidsprosessar.
Hos oss treng du ikkje kunne alt frå dag éin. Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kurs, nettverk og relevant etter- og vidareutdanning, og deler raust av kompetansen i organisasjonen.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å sikre kvalitet, etterleving og gode arbeidsprosessar i heile organisasjonen. Du samarbeider tett med leiarar, fagmiljø og kommunane i Romsdalsregionen, som vi har eit tett samarbeid med gjennom felles IKT-samarbeid. Du får vere med på å vidareutvikle fagområda.
Dette er meir enn ei fagstilling. Det handlar om å ta vare på kommunen si hukommelse, vere med på å sikre rettstryggleiken til innbyggjarar og tilsette, og bidra til at innbyggjarane kan ha tillit til kommunen også i framtida.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 16 November 2026.
The job is in Aukra.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Aukra kommune Service.
In Norwegian
Service er ein av tre stabs- og støtteavdelingar i kommunen. Avdelinga yt tenester til politiske organ og rådmannsnivå, og har ein rådgjevande funksjon ut mot einingane. Avdelinga yt óg tenester mot innbyggjarane. Avdelinga har mellom anna desse ansvarsområda: Arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, politisk sekretariat, felles postmottak, ekspedisjon og sentralbord, informasjonsoppgåver, informasjonssikkerheit og personvern, samt ulike roller i interkommunalt IKT-samarbeid. Avdelinga har 3,7 årsverk.
Apply by · 12 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Aaslaug Søreide
aaslaug.soreide@aukra.kommune.no+47 900 88 578+47 711 71 500Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.