Written by Alver kommune
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Om dette høres interessant ut, så kan dette være den rette jobben for deg.
Ved Frekhaug legesenter i Alver kommune har vi ledig to faste 100 prosent stillingar som kommunalt løna fastlege frå januar 2027.
Vi søkjer både spesialistar i allmennmedisin og legar som ønskjer ei ALIS-stilling. Hos oss får du ei arbeidsveke på 37,5 timar, føreseielege rammer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kommunen tek ansvar for administrasjon, hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan bruke tida di på pasientane og gå heim når arbeidsdagen er slutt.
Eit godt fagmiljø og ein arbeidsplass i utvikling
Vil du bli ein del av eit godt fagmiljø? Ved Frekhaug legesenter er vi sju kommunalt tilsette fastlegar og ein LIS1-lege. I sommar fekk vi to nye kollegaer, og vi ønskjer fleire engasjerte legar velkomne til oss.
Vi set av tid til fagleg utvikling og samarbeid. Kvar fredag møtest legane/kontoret frå kl. 08.15 til 09.30 for fagleg oppdatering, gjennomgang av interne rutinar og kurs. Vi jobber saman for eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø. Ein av fastlegane er fagkoordinator.
På legesenteret møter du dyktige helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiar. Ein av helsesekretærane er driftskoordinator og har ansvar for daglege driftsoppgåver.
Legesenteret ligg på Frekhaug og har godt innreidde lokale, med tenelege behandlingsrom og laboratorie. Vi har også Ultralyd apparat. Det er parkering i gangavstand frå bygget. Vi bruker journalsystemet Infodoc Plenario.
Opnings- og arbeidstida er kl. 08.00–15.30. Ved behov kan vi avtale individuelt tilrettelagd arbeidstid. Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt i Knarvik.
Alver kommune er godkjend utdanningsverksemd. Som ALIS-lege får du rettleiing gjennom utdanningsløpet. Du kan gjennomføre heile Alis-løpet hos oss, ein av våre sjukeheimar er godkjent som spesialisthelseteneste.
Alver kommune sin plan for legetenesta kan du lese her: Plan for legetenesta i Alver kommune 2023-2026 - Alver kommune
Arbeidet med revisjon av planen for dei neste 4 åra er i gang.
Som kommunalt tilsett fastlege har du ei arbeidsveke på 37,5 timar.
Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal vere enkelt å gå heim når arbeidsdagen er slutt.
Dersom du blir sjukemeldt eller har sjuke born, har du dei same rettane som andre tilsette i kommunen. Ved langvarig sjukefråvær er det vårt ansvar å skaffe vikar. Ved kortare fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning etter gjeldande reglar.
Administrasjon og drift
Vi tek ansvar for administrasjon av kontoret, inkludert hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan fokusere på pasientarbeidet.
ALIS-legar får lovpålagde og naudsynte kurs dekka gjennom ALIS-tilskot etter gjeldande regelverk.
Legevakt
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt har du to vakter per månad, og du får betalt timesats for arbeidet der. Vi har tilsett eigne legar som går reine nattevakter ved Nordhordland legevakt, noko som reduserer vaktbelastninga på natt for deg.
Andre oppgåver
Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka, vil talet på pasientar på lista bli redusert i tråd med mindre arbeidstid som fastlege.
Vi søkjer deg som er engasjert i allmennmedisin og ønskjer å gjere ein forskjell for pasientar i alle aldrar. Du møter menneske med varme og respekt, lyttar til behova deira og byggjer gode relasjonar.
Du samarbeider godt med kollegaer og andre tenester, og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler gjerne kunnskap og erfaringar, er open for å lære av andre og ser verdien av faglege diskusjonar.
Du er løysingsorientert og handterer både travle dagar og akutte situasjonar på ein trygg og roleg måte. Du arbeider sjølvstendig, men veit også når du skal søkje råd og støtte hos andre.
Vi ønskjer oss ein kollega som er motivert for å utvikle seg vidare og ser for seg ei framtid innan allmennmedisin.
Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller tenesteleiar Tord Moltumyr. Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 76 jobs in the occupation group Allmennpraktiserende leger in Vestland over the last 90 days.
NOK 945,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 775,000 and NOK 1,365,000.
The ad says: pay according to a collective agreement.AI
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Allmennpraktiserende leger in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 38 other open jobs in the occupation group Allmennpraktiserende leger in Vestland right now, with 26 employers. 11 of them came in the last week.
See all open jobs as fastlege eller alis - lege - frekhaug legesenter 2 100% stillingar in Vestland
Want to know when new jobs as fastlege eller alis - lege - frekhaug legesenter 2 100% stillingar in Alver come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have 28 other open jobs with us right now, and they have advertised 47 jobs since July 2026.
www.alver.kommune.noOrg. no. 974551624
In Norwegian
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number ad64e58d-db1c-4ef5-b556-65a408ec6ac4. See it at Nav · See the original ad at the employer
Apply by
15 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Alver kommune.
Erlend Mongstad
Doctor
erlend.elverhaug.mongstad@alver.kommune.noAlver kommune
Title in Norwegian: Fastlege x 2 - spesialist i allmennmedisin eller ALIS lege - Frekhaug legesenter
Frekhaug health centre in Alver municipality has two permanent full-time positions for GPs specialising in general medicine or ALIS doctors from January 2027. You will work a 37.5-hour week with predictable working hours, focus on patient care while the municipality handles administration and staffing, and have good opportunities for professional development. The position requires Norwegian medical authorisation, completed LIS1, good spoken and written Norwegian, and willingness to become on-call competent.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.