Hildre Montessoribarnehage As
Hildre Montessoribarnehage As has a job opening in Hildre and Haram. Temporary cover, part-time. Requirements: a trade certificate, 1-3 years of experience.
Made from the facts in the ad. We do not have an English summary of this ad yet.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Hildre Montessoribarnehage søkjer tilkallingsvikarar. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?
Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning er positivt, men ikkje eit krav.
Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Du er varm, omsorgsfull og trygg.
Du likar å vere saman med barn og engasjere deg i leiken deira.
Du er fleksibel og kan stille opp på kort varsel.
Du er positiv, ansvarsbevisst og løysingsorientert.
Du likar å vere ute og bruke naturen som arena for leik og utforsking.
Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Du jobbar sjølvstendig, men samarbeider godt i team.
Du reflekterer over eigen praksis og søkjer rettleiing når det trengst.
Gi omsorg, støtte og vere ein trygg vaksen for barna.
Delta aktivt i leik, aktivitetar, måltid og daglege rutinar.
Bidra til at alle barn opplever tilhøyrsle, meistring og trivsel.
Støtte barna si utvikling gjennom språk, samspel og gode relasjonar.
Legge til rette for aktivitetar og miljø i tråd med montessoripedagogikken.
Vere med på turar og uteaktivitetar gjennom året.
Følgje barnehagen sine rutinar, HMS-prosedyrar og retningslinjer.
Støtte barn i medverknad og positiv grensesetting, individuelt og i gruppe.
Samarbeide godt med kollegaer og føresette.
Ta imot rettleiing og bidra positivt i arbeidsmiljøet.
Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
Høve til å bli del av eit større montessorimiljø
The ad has no fixed deadline. It stays up until 30 November 2026, so apply as soon as you can.
The job is in several places: Hildre and Haram.
They ask for a trade certificate. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have some experience, 1 to 3 years. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
The ad has no application link. Read the ad to see how to apply, or send an email to martine.volstad@hildrebarnehage.no.
Hildre Montessoribarnehage opna 1. august 2024 og er ein liten og trygg barnehage med to avdelingar for barn 0-6 år. Vi byggjer praksisen vår på montessoripedagogikken sitt syn på barn som nysgjerrige, kompetente og sjølvstendige, og skaper eit miljø der barna blir sett, får tid og utviklar sjølvstende i trygge rammer. Barnehagen ligg i vakre naturomgjevnader, og naturen er ein viktig del av kvardagen vår. Hildre er eit montessorinærmiljø i vekst, med både barnehage og skule i same bygg. Saman tilbyr vi eit heilskapleg 0-16 års montessoriløp for familiar som ønskjer kontinuitet, tryggleik og eit pedagogisk fellesskap der barna blir sett og følgt gjennom heile oppveksten.
Apply by · 27 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Martine Volstad
Dagleg leiar/styrar
martine.volstad@hildrebarnehage.no+47 476 00 614This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.