Written by Høgskulen på Vestlandet
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Stillinga(ne) inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Sogndal som arbeidsstad.
Stillinga(ne) har oppstart 01.01.2027, og har varigheit fram til 31.12.2027.
Stillinga(ne) har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven.
Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, også på nett.
Mellombels stillingar på 1 år eller mindre vert ikkje vurdert av sakkyndig komite.
Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Stilling(ane) som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør, for å verifisere opplysningar som framgår av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med kandidaten sitt samtykke, og tilsetting i desse stillingane forutset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil motta nærmare informasjon om dette.
Assisterande instituttleiar Janne Sønnesyn
Tlf.: 90 59 74 51
E-post: janne.sonnesyn@hvl.no
Faggruppeleiar Vilde Strand Kompelien
Tlf.: 94 79 54 61
E-post: vilde.strand.kompelien@hvl.no
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 97 jobs in the occupation group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in Vestland over the last 90 days.
NOK 770,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 610,000 and NOK 920,000.
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 3 other open jobs in the occupation group Universitets- og høyskolelektorer/-lærere in Sogndal right now, with 2 employers. 1 of them came in the last week.
See all open jobs as høgskulelektor i norsk in Sogndal
Want to know when new jobs as høgskulelektor i norsk in Sogndal come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have 14 other open jobs with us right now, and they have advertised 50 jobs since July 2026.
www.hvl.noOrg. no. 974798549
In Norwegian
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har om lag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar, i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar, og med språkfagleg undervisningskapasitet til alle HVL sine tre fakultet. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number 91ceb98d-bc2b-4173-9f34-691949d1a1fb. See it at Nav · See the original ad at the employer
Apply by
5 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Høgskulen på Vestlandet.
Vilde Strand Kompelien
Faggruppeleiar
vilde.strand.kompelien@hvl.no+47 947 95 461Høgskulen på Vestlandet
Title in Norwegian: Høgskulelektor i norsk
HVL seeks one or two temporary lecturers in Norwegian at the Faculty of Teacher Education, Culture and Sport, based in Sogndal. The role involves teaching, supervision and development of student-centred learning in Norwegian and Norwegian pedagogy for teacher training and kindergarten teacher programmes. Candidates must hold a master's degree in Norwegian, Nordic studies, educational science or related fields with strong results and relevant teaching experience.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.