Written by Sør-Vest politidistrikt
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Me søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil bli ein del av politimeisterens leiargruppe som skal forma korleis Sør-Vest politidistrikt skal jobba i framtida. Me forventar at du bidrar aktivt til heilskapleg drift og utvikling av både politidistriktet og driftseininga du skal leia. Du bidrar til å skapa ein fleksibel organisasjon med ein kultur for å jobba og dela på tvers.
Som leier i politiet må du oppnå resultat både i dagleg drift og under kriser, setta ei klar retning, skapa oppslutning om måla og gjennomføra nødvendige endringar.
Politistasjonsdistriktet har administrasjonsstad i Sauda og dekkjer kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne, med til saman 21 100 innbyggjarar.
Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune.Stillinga er plassert i Sauda.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og breit tenestetilbod til innbyggjarane.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Di evne til å tenka og handla heilskapleg er viktig. På den måten kan du bidra til kontinuerleg utvikling av politiet og til at me utnyttar ressursane betre på tvers av geografiske og funksjonelle einingar.
Me ser etter deg som har leiarerfaring, både med fagleiing og personalansvar. Me set høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og personleg integritet. Me søker etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god representant for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Di evne til å være trygg, nærverande, lydhøyr og bygga tillit hos publikum er svært viktig for ein leiar i vår organisasjon.
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG.
Det er og ønskeleg med:
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne jobba i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal innhentast og leggast fram før du eventuelt kan starta i jobben. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets register.
Du kjenner deg igjen i desse eigenskapane:
Politiet er ein open og inkluderande etat. Vi skal spegla utviklinga i samfunnet, og ønsker mangfald blant våre leiarar. Vi har ei målsetting om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søke.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform her.
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av til dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 122 jobs in the occupation group Politibetjenter mv. across Norway over the last 90 days.
NOK 770,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 675,000 and NOK 860,000.
The ad says: from NOK 1,228,000 a year. That is in the highest quarter for this occupation.AI
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Politibetjenter mv. in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 2 other open jobs in the occupation group Politibetjenter mv. in Rogaland right now, with one employer. 2 of them came in the last week.
See all open jobs as politiinspektør/driftseiningsleiar sauda/suldal og etne/vindafjord in Rogaland
Want to know when new jobs as politiinspektør/driftseiningsleiar sauda/suldal og etne/vindafjord in Sauda come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.They have 3 other open jobs with us right now, and they have advertised 13 jobs since July 2026.
Org. no. 974736748
In Norwegian
Sør-Vest politidistrikt har ca. 555 000 innbyggjarar fordelte på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekkjer seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt, saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur, noko som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.
Politidistriktet har ca. 1250 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytte til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg operativ leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.
Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Hovudmålsetjinga for distriktet er å møta publikums behov for tryggleik, lov og orden.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number 86ee757e-6d9e-4f1f-b459-bf0a0160ee0c. See it at Nav · See the original ad at the employer
Apply by
9 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Sør-Vest politidistrikt.
Kristin Nord-Varhaug
Konstituert politimeister
kristin.nord-varhaug@politiet.noSør-Vest politidistrikt
Title in Norwegian: Politiinspektør/driftseiningsleiar Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord
Sør-Vest Police District seeks an experienced leader for the geographical operations unit covering Sauda, Suldal, Etne and Vindafjord. You will join the police chief's management team, leading a team with responsibility for budget, personnel, health and safety, and delivery of balanced police services including prevention, readiness and investigation. The role requires leadership experience with personnel responsibility, a bachelor's degree minimum, formal leadership training of at least 30 credits, and the ability to obtain top secret security clearance. Norwegian and English language proficiency is required.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.