Svingen/Reini, Vinje kommune
Title in Norwegian: Vernepleiar - 100 % fast stilling
Vinje municipality seeks an authorized care worker to support adults with various disabilities at two community homes. You will work in a therapeutic environment, supporting residents' independence and quality of life while collaborating with colleagues and other professionals. Strong Norwegian language skills and a driving licence are required.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape gode og meiningsfulle dagar for menneske med ulike funksjonsnedsettingar.
Er du nyutdanna, eller har du nokre års erfaring skal du ikkje stå åleine hos oss. Som nytilsett får du ein eigen mentor som følgjer deg opp gjennom det fyrste året. Du får støtte, rettleiing og tid til å bli trygg i rolla, slik at du kan utvikle deg fagleg og kjenne meistring i arbeidskvardagen
Me legg til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving, tilbyr turnus med arbeid kvar fjerde helg, og eit årleg rekrutteringstillegg på kr 48 000 for vernepleierar i 100% stilling.
Svingen og Reini er moderne bufellesskap med gode fellesareal både ute og inne. Her bur det til saman 15 bebuerar med ulike behov for støtte og oppfølging, Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø der kollegaer samarbeider for å skape gode tenester og meiningsfulle kvardagar for den enkelte.
Me er opptekne av fag, samarbeid og bruk av velferdsteknologi. Samstundes legg me vekt på å ta vare på kvarandre, og du vil møte engasjerte kollegaer som deler kunnskap, erfaringar og godt humør
Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og meiningsfull. Du får høve til å bruke både fagkompetansen din og eigne styrkar til å bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet for bebuarane våre.
Vil du ha ein jobb der du lærer mykje, får gode folk rundt deg og kjenner at det du gjer betyr noko? Då håpar me du søkjer!
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Åmotvegen 2
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5195119034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 05.11.2026
The application deadline is 5 November 2026.
The job is in Vinje.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
You do not need any experience. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Svingen/Reini, Vinje kommune.
In Norwegian
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Apply by · Deadline tomorrow
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no+47 970 28 218This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.