Nav Askøy // Region vest
Title in Norwegian: Metoderettleiar
Nav Region West seeks a Method Advisor to lead a team of five job specialists supporting young jobseekers aged under 30 using the Supported Employment methodology. You will provide professional guidance to your team, manage your own participant portfolio, and spend over 40% of your time working directly with employers and participants in the local business community. The role requires a bachelor's degree, extensive experience with Supported Employment or IPS, experience supervising colleagues, and strong digital skills.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Har du trua på at alle som vil, kan få og behalde jobb, gitt riktig jobbmatch og jobbstøtte? Vil du utgjere ein forskjell for menneske som ønsker deltakelse i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi i region vest søker metoderettleiar til vårt regionale team, Arbeid med støtte. Som metoderettleiar har du ansvar for den faglege oppfølgingen av fem dyktige jobbspesialistar. Teamet følgjer opp deltakarar både frå Askøy og Øygarden, primært deltakarar under 30 år.
Som metoderettleiar deltar du i metoderettleiarnettverket i regionen og i videreutvikling av vårt fagmiljø. Jobben er spennande, med stor fridom i arbeidskvardagen og arbeid etter den anerkjende metoden Supported Employment. Som metoderettleiar må du vere eit godt forbilde for teamet, ha særleg kompetanse innan Supported Employment og eiga erfaring frå arbeid etter metoden. Du har også ansvar for din eigen portefølje med deltakarar.
Din viktigaste arbeidsplass er ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di skal nyttast ute i næringslivet, saman med eller på vegne av deltakarane. Du skal etablere kontakt med arbeidsgivarar, bygge relasjonar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning.
Nav Askøy og Nav Øygarden utgjer Nav region vest, med omlag 140 tilsette i regionen. Du blir del av ei regional avdeling saman med marknad, tiltak og jobbspesialistar.
Stillinga er organisert ved Nav Askøy, men du må arbeide frå både Nav Askøy og Nav Øygarden kvar veke. Nav Askøy er lokalisert på Kleppestø senter, Nav Øygarden sentralt på Straume. Vi har aktivitetsbaserte arbeidsplassar i begge kontor, med høgt fokus på eit godt arbeidsmiljø og fleire ulike sosiale aktivitetar.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar , 404 77 119, vibeke.gjervik@nav.no
Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5196117470
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026
Apply by · 3 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Vibeke Gjervik
Avdelingsleiar
vibeke.gjervik@nav.no+47 404 77 119Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
The application deadline is 6 November 2026.
The job is in Kleppestø.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have a lot of experience, 4 years or more. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
You can work partly from home and partly at the workplace. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Nav Askøy // Region vest.
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Keep track of all your applications at once. Draft, sent, interview, offer, rejection, with alerts for deadlines you would otherwise forget.