Øygarden kommune Barneverntenesta
Title in Norwegian: Kontaktperson 100% vikariat, barneverntenesta
The municipality of Øygarden is recruiting a child welfare contact person for a 100 percent temporary position until 31 August 2027, primarily in the investigation team. The role involves case handling under the Child Welfare Act, conducting investigations, assessments, interviews and collaboration with children, parents and networks, and preparing cases for the Child Welfare and Health Committee. You must speak Norwegian fluently and hold a bachelor's degree in child welfare or social work, or equivalent, and possess a class B driving licence.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
We are translating the ad into English. This takes a few seconds. The Norwegian text is below.
Vi har ledig eit 100 % vikariat i barnevernstenesta, for tida plassert i team undersøking. Vikariatet er ledig frå snarast og fram til 31.08.2027.
Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som ønskjer å bidra til gode og forsvarlege tenester for barn, unge og familiar – og som trivst med faglege utfordringar, samarbeid og utvikling.
Då treng vi deg på laget vårt!
I barnevernstenesta står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt. Dette skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt og i møtet med barn og familiar. Vi legg vekt på individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt, og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar der fleire tenester samarbeider og deler ansvar i møte med barn og familiar som treng hjelp.
Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og individuelt tilpassa løysingar, med barnet og barnet sine behov i sentrum.
Vi ønskjer eit sterkt fagmiljø og ei lærande teneste som arbeider systematisk med kvalitet, rettstryggleik og utvikling. Ei grunnleggjande haldning hos oss er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv. Barn skal bli høyrde, og synspunkta deira skal kome tydeleg fram i prosessar og vurderingar som gjeld dei.
Barnevernstenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Tenesta omfattar om lag 60 stillingar og er organisert i team. Vi legg vekt på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid, samtidig som vi skal styrkje samhandlingskompetansen på tvers av tenester og fagområde.
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide i ei barnevernsteneste med høge faglege ambisjonar og stor merksemd på kvalitet, rettstryggleik og utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåvene vert i hovudsak utførte innanfor fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Vi ser etter deg som:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og korleis desse samsvarer med krava og oppgåvene i stillinga.
Kontakt:
Fungerende einigsleiar Hilde Martinussen Lønøy tlf: 922 16 092 HildeMartinussen.Lonoy@oygarden.kommune.no
Avd.leiar: Therese Røsæther tlf: 488 63 198 Therese.Rosather@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 12 November 2026.
The job is in Straume.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Øygarden kommune Barneverntenesta.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Apply by · 9 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Therese Rødæther
avdelingsleiar
Therese.Rosather@oygarden.kommune.no+47 488 63 198Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.