Written by Skopi og kirurgi poliklinikk, Helse Førde
This ad is in Norwegian. We are translating it.
The English text will show here in a moment.
Skopi og kirurgi poliklinikk har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar. Arbeidsperiode: 01.02.2027 - 01.05.2028.
Om stillinga:
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagfelt. Denne stillinga innebærer å jobbe med fleire kirurgiske fagfelt, melom anna urologi, kirurgisk gastro, endokrin, bryst, kar, generell- og plastikkirurgi.
Arbeidet er sjølvstendig og variert, samtidig som du samarbeider tett med legar og andre faggrupper. Du får ein arbeidskvardag med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din innan fleire spennande fagområde.
Vi er ein stor poliklinikk med 22 tilsette og har eit breitt samansett fagmiljø. Hos oss arbeider mellom anna uroterapeutar, stomi- og kontinenssjukepleiarar, gastrosjukepleiarar, sjukepleiarar, operasjonssjukepleiar og fedmekoordinator.
Arbeidstida vår er kl 08:00 - 15:30.
I tillegg til dei kirurgiske fagområda driv vi med medisinske skopiar og assisterer ved ortopediske operasjonar. Vi har også ansvar for kvilesona, eit nyetablert tilbod for pasientar i Helse Førde. Hos oss blir du del av eit aktivt og engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å lære mykje og utvikle deg fagleg på tvers av ulike spesialområde.
Trivst du med ein variert arbeidskvardag, høgt tempo og sjølvstendig arbeid – samtidig som du set pris på godt samarbeid og eit kjekt arbeidsmiljø?
Då håpar vi du vil søkje hos oss!
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat dersom du ønskjer å vite meir om stillinga.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Marie Fossheim, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 219
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5181217210
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 01.05.2028
Søknadsfrist: 06.12.2026
AIThe requirements were read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts. The comparison is based on 197 jobs in the occupation group Sykepleiere in Vestland over the last 90 days.
NOK 680,000 a year is the middle (median).
Half earn more than this, and half earn less.
Half earn between NOK 615,000 and NOK 740,000.
The ad says: pay according to a collective agreement.AI
Source: Statistics Norway (SSB), table 11418, 2025. Applies to the group Sykepleiere in full-time jobs across Norway, not this particular job.
There are 10 other open jobs in the occupation group Sykepleiere in Sunnfjord right now, with 10 employers.
See all open jobs as sjukepleiar in Sunnfjord
Want to know when new jobs as sjukepleiar in Sunnfjord come in?
At most one e-mail a day. You can stop whenever you like.In Norwegian
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
The ad is from arbeidsplassen.no (Nav), job number 2ce9f578-4440-40ab-85e2-e732e3ddd20d. See it at Nav
Apply by
15 days leftSave the job and you will find it again under Saved.
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Søknadsbasen is not a recruitment agency. We can't apply for you or help with work permits, so please don't email us your CV.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Skopi og kirurgi poliklinikk, Helse Førde.
Marie Fossheim
Seksjonsleiar
+47 578 39 219Skopi og kirurgi poliklinikk, Helse Førde
Title in Norwegian: Sjukepleiar - lengre vikariat
100% temporary nursing position at a surgical outpatient clinic under Helse Førde, running from February 1, 2027 to May 1, 2028. You will work with multiple surgical specialties including urology, gastroenterology, endocrine, breast, vascular, general and plastic surgery, providing patient care, assisting with procedures and managing instruments. The employer seeks an authorised nurse with good Norwegian language skills and preferably experience in surgical or orthopaedic nursing.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.