Kultur- og likestillingsdepartementet
Title in Norwegian: Avdelingsdirektør
The Norwegian Ministry of Culture and Gender Equality seeks a strategic and development-oriented Division Director for the section on media and gambling policy. You will lead ten highly qualified staff and manage responsibilities including media regulation, gambling policy, oversight of regulatory authorities (Media Authority, Lotteries and Foundations Authority), and ownership of NRK and Norsk Tipping. This role requires a master's degree, extensive experience in public administration or complex governance, strong leadership skills, excellent communication in Norwegian and English, and understanding of the interaction between technology, regulation and society.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Korleis sikrar vi eit sterkt og uavhengig medielandskap i ei tid prega av raske teknologiske endringar? Korleis byggjer vi motstandskraft mot desinformasjon og vernar den offentlege samtalen? Og korleis utviklar vi ein ansvarleg pengespelpolitikk som tek vare på sårbare grupper og samtidig møter nye utfordringar i ein digital marknad?
Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ein strategisk og utviklingsorientert avdelingsdirektør til seksjon for medie- og pengespillpolitikk. Dette er ei sentral leiarstilling i skjeringspunktet mellom politikk, teknologi, jus og samfunnsutvikling, med ansvar for område som har stor betydning for demokratiet, ytringsfridomen og tilliten i samfunnet.
Seksjonen har ansvar for medie- og pengespelpolitikk, ansvar for etatsstyringa av Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet, samt eigarstyring av Norsk rikskringkasting (NRK) og Norsk Tipping. Fagområda er prega av mykje regelverk og EØS-rett og dei har stor offentleg interesse. Som leiar vil du spele ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av regjeringa sin politikk på desse områda.
Seksjonen består av ti høgt kvalifiserte medarbeidarar med variert fagleg bakgrunn.
Som avdelingsdirektør vil du ha ansvar for å:
Avdelingsdirektøren er medlem av leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen. Søkjarar må vere budde på at det kan skje endringar i porteføljen til seksjonen og avdelinga, og på å samarbeide tett på tvers av seksjonar og avdelingar i departementet.
Vi vil òg leggje vekt på motivasjonen din for stillinga og arbeidsområda.
Vi ser etter ein leiar som
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan bli tryggleiksklarert for nivå HEMMELIG.
Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi er opptekne av kva du kan, kva erfaringar du har, og kva kompetanse du bringer med deg. Derfor vil vi stille deg nokre faglege spørsmål som erstattar den tradisjonelle søknadsteksten.
Dersom du har spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med ekspedisjonssjef Heidi Karlsen på telefon: 48026077 eller e-post: Heidi.Karlsen@kud.dep.no
Dersom du har spørsmål om rekrutteringsprosessen, er du velkomen til å ta kontakt med senior rekrutteringsrådgjevar Vanessa Gilje Bergan på telefon: 99425275 eller e-post vanessa-gilje.bergan@dss.dep.no
The application deadline is 13 November 2026.
The job is in Oslo.
They ask for a master's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
They want you to have a lot of experience, 4 years or more. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Kultur- og likestillingsdepartementet.
In Norwegian
Kultur - og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områdene kultur, opphavsrett, kyrkje, medier, idrett, frivillig verksemd, tros- og livssynssamfunn og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Apply by · 9 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Vanessa Gilje Bergan
Rekrutteringsrådgiver
vanessa-gilje.bergan@dss.dep.noSave the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.
Set up a job alertThis was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.