Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
Title in Norwegian: Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll care centre seeks engaged nurses or care workers to join their team across multiple units: dementia care with environmental therapy, long-term care, and rehabilitation services. You will work shifts including weekends, provide direct nursing care, handle medication, and collaborate across health professions. Norwegian language fluency and valid nursing or care worker qualification required.
Translated with AI. The Norwegian ad is the one that applies.
This ad is in Norwegian. We are translating it.
Vi søkjer etter engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med på å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om å skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap. Som sjukepleiar/vernepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.
Askvoll omsorgssenter består av:
Vi har følgjande ledige stillingar med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetjing og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknadens in før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herThe application deadline is 8 November 2026.
The job is in Askvoll.
They ask for a bachelor's degree. This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Press “Apply for the job”. It takes you to the application at Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter.
In Norwegian
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Apply by · 4 days until the deadline
Free, no account needed: see the requirements in the ad and which of them your CV covers.
Frank Vagstad Eimhjellen
Einingsleiar Askvoll omsorgssenter
frank.vagstad.eimhjellen@askvoll.kommune.no+47 901 51 856+47 577 34 507This was read from the ad with AI and may be wrong. The ad is what counts.
Save the search and we tell you by e-mail when new jobs come in.