Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Stillinga er eit vikariat med planlagd oppstart 01.01.2027 og har varigheit til og med 31.12.2027 med moglegheit til forlenging.
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 14 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for:
Undervisningsspråket er norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det kan også bli aktuelt med noko undervisning på engelsk.
Søkjaren må ha:
Det er ein føremon med:
Det blir lagt vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Det blir òg lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og at vedkomande er personleg eigna for stillinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fagkoordinator, førsteamanuensis Monica Grini, e-post: monica.grini@uib.no, eller fungerande instituttleiar, professor Anders Gullestad, e-post: anders.gullestad@uib.no, telefon: +47 55582464.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.