Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAØnskjer du ein variert arbeidskvardag der du får kombinere fagkompetanse, rådgiving og digitale løysingar?
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ei fast 100 % stilling som anskaffingsrådgjevar i kontraktgruppa. Stillinga kan bli innplassert som seniorkonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar, avhengig av utdanning, relevant erfaring og samla kompetanse. Du får ei spanande prosjektleiarrolle i eit kompetanseteam som både handsamar enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.
Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne innkjøpsforhold ved universitetet. Her blir du del av eit tverrfagleg miljø med økonomisk, juridisk og teknisk kompetanse, der vi gir råd og støtte til fakultet, institutt og avdelingar og samarbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar.
UiB kjøper for om lag 1,9 milliardar årleg. Vi har 24 årsverk fordelt på kontraktgruppa og gruppa for bestilling til betaling (BtB), og arbeidar strategisk med berekraft og kompetanseheving. Les meir i anskaffingsstrategien vår.
Universitetet har ei stor bredde i innkjøpa. Hos oss får du difor moglegheita til å jobbe med mange ulike faglege utfordringar. Seksjon for innkjøp har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den administrative og faglege verksemda, og du blir ein viktig del av dette. Vi vidareutviklar kontinuerleg dei digitale verktøya og malane vi nyttar i arbeidet, og har nyleg anskaffa nytt konkurransegjennomføringsverktøy. Vi har mange anskaffingar på engelsk, og på norsk kan du velje mellom å skrive bokmål og nynorsk.
o Utarbeide konkurransestrategi
o Utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag
o Evaluere tilbod og tildele kontraktar
o Forhandle kontraktar
o Administrere og følgje opp inngåtte kontraktar
o Erfaring frå gjennomføring av anskaffingar
o Kunnskap om regelverket for offentlege anskaffingar
o Erfaring med elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy
o Erfaring frå kontraktarbeid
o Annan relevant praksis
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.
Innplassering i stillingskode:
Stillinga kan bli innplassert som seniorkonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar. Innplasseringa blir fastsett etter ei samla vurdering av utdanning, relevant arbeidserfaring, kompetanse innan anskaffingar og kontraktsarbeid, graden av sjølvstende og kompleksiteten i oppgåvene kandidaten har erfaring med.
For innplassering som seniorkonsulent blir det lagt vekt på relevant utdanning og/eller relevant arbeidserfaring. Kandidaten må ha føresetnader for å kunne arbeide med anskaffings- og kontraktsrelaterte oppgåver, med nødvendig opplæring og fagleg støtte.
For innplassering som rådgjevar blir det normalt kravd minst tre års relevant arbeidserfaring. Kandidaten må kunne dokumentere erfaring som gir grunnlag for å gjennomføre anskaffingar og handtere kontraktsfaglege problemstillingar sjølvstendig.
For innplassering som seniorrådgjevar blir det normalt kravd omfattande relevant arbeidserfaring, vanlegvis åtte til ti år. Kandidaten må i tillegg kunne dokumentere solid fagkompetanse og erfaring med sjølvstendig handtering av komplekse anskaffings- og kontraktsfaglege problemstillingar. Det vil bli lagt særleg vekt på erfaring med fagleg krevjande saker, rådgiving og evne til å bidra til fagutvikling og kvalitet i seksjonen.
Omfanget av erfaring er rettleiande. Relevansen og innhaldet i erfaringa, graden av sjølvstende og kompleksiteten i oppgåvene vil inngå i den samla vurderinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: innkjøpssjef Kjetil Skog (e-post kjetil.skog@uib.no) eller kontraktsgruppeleiar Kitty Amlie Tverrå (tlf. 55 58 21 09, e-post kitty.tverra@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå https://www.hkdir.no (https://hkdir.no/) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d).
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.