Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, fagområdet global helse, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor. Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det er ønskeleg at eit slikt forskingsopphald skjer ved National Cancer Institute, Bethesda, Maryland, USA. Stillinga er knytt til Senter for forsking på mødre- og barnehelseintervensjonar (CISMAC) og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Stillinga har arbeidsstad i Bergen, men det må reknast med noko reiseverksemd. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga innan rimeleg tid etter tilsetjing.
CISMAC gjennomfører studiar av helseintervensjonar som kan utjamne ulikskapar i helse.
Livmorhalskreft er den nest vanlegaste årsaka til kreftrelatert død blant kvinner i fertil alder i låg- og mellominntektsland, men høg dekning med humant papillomavirus (HPV)-vaksinen kan eliminere sjukdommen. HPV-vaksinasjon er innført for aldersgruppa 9-14 år, men det ville gje store økonomiske og logistiske fordelar for helsetenesta over heile verda, og truleg færre motførestillingar blant foreldre, om HPV-vaksinen kunne bli gjeve saman med andre vaksinar i småbarnsalderen. Det finst ingen kunnskap om sikkerheit og langvarig immunitet etter HPV-vaksinasjon hos barn under fire år, men det er grunn til å tru at småbarn kan utvikle ein immunrespons som er minst like god som den hos eldre barn. I dette prosjektet skal vi gjennomføre ein randomisert kontrollert studie i Noreg for å undersøkje om HPV-vaksinering av småbarn er like trygt og effektivt som vaksinering av elevar i barneskulen (dagens praksis).
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.
Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det vil vere opning for tilsetjing i 50 % stilling ved særlege høve.
Den tilsette kan verte pålagt karrierefremjande arbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Halvor Sommerfelt, e-post: halvor.sommerfelt@uib.no, tlf.: +47 55588575’. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar (Thomas McGonagle Bentsen, e-post: thomas.bentsen@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.