Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod (EVU). Stillinga er ei 50% stilling og er eit vikariat for perioden 1. januar til 30. juni 2027.
Denne stillinga gir eit høve til å bidra i undervisninga og utviklinga av eit viktig EVU-tilbod i samfunnsvitskap ved UiB. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar og vår neste gode kollega!
Institutt for politikk og forvaltning har lange tradisjonar med gjennomføring av oppdragsbaserte kurs retta mot både offentleg og privat sektor. Den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei faglege leiarane for EVU/OU-programma, eksterne samarbeidspartnarar, samt ei særeigen gruppe motiverte og høgkompetente studentar.
Kurstilbodet består av friståande statsvitskaplege emne med ei organisasjonsteoretisk innretning til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Studentane tek kursa på deltid, og kurstilbodet har både samlingsbaserte og digitale møtepunkt i løpet av semesteret.
Stillinga vil hovudsakleg bestå av ein undervisningsdel og ein rettleiingsdel i samband med dei oppdragsbaserte kursa til instituttet. Undervisninga vil vera på bachelor- og masternivå og den som blir tilsett må kunna undervisa på eit grunnleggjande nivå innanfor den faglege profilen til instituttet.
Her er ei kort beskriving av dei mest aktuelle kursa (andre aktivitetar kan også bli aktuelle):
Søkjarar til stillinga er tilrådde å gjere seg kjende med undervisningstilbodet, forskingsprofilen og dei gjeldande oppdragsbaserte kursa ved instituttet som gjeld for stillinga, sjå; https://www.uib.no/gov/38154/oppdragsbaserte-kurs
Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.
Stillinga vil innebere reiseverksemd knytt til samlingar og møte med oppdragsgivarar og nokre webinar på ettermiddagstid.
Det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesing.
Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga.
Det er forventa at den som vert tilsett har sitt daglege arbeid ved instituttet og bidrar til den faglege fellesskapen der.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist er 15.11.2026.
Søknader som vert sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til programansvarleg Dag Runar Jacobsen, dag.jacobsen@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR seksjonen ved fakultetet på epost: personal.svfa-sm@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.