Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Michael Sars-senteret er det ledig ei stilling som postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo i Čapek-gruppa. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Korleis kan fiskeembryo oppretthalde koordinert utvikling når temperaturendringar påverkar farten på molekylære og cellulære prosessar? Forskinga vår undersøkjer mekanismane som gjer embryoutvikling robust mot temperaturvariasjonar, og under kva forhold denne robustheita bryt saman. Vi kombinerer etablerte fiskemodellar med marine fiskeartar for å forstå korleis embryo frå ulike termiske miljø reagerer på temperaturendringar.
Den tilsette skal undersøkje korleis temperatur påverkar utviklingsregulerande signalvegar og genuttrykk, og korleis desse responsane heng saman med spesifisering av cellelagnad, vevsorganisering og embryoutvikling. Arbeidet vil kombinere transkriptomiske eksperiment og bioinformatiske analysar med molekylære analysar, genomredigering og mikroskopi av levande og fikserte embryo. Eit sentralt mål er å knyte transkripsjonelle responsar til utviklingsmessige utfall og funksjonelt teste kandidatmekanismar for temperaturrobustheit.
I tett samarbeid med gruppeleiar og andre medlemmer av forskingsgruppa skal den tilsette utvikle eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor denne ramma, basert på eiga fagleg kompetanse, vitskaplege interesser og eigne idéar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Daniel Capek (Daniel.Capek@uib.no) eller senterleiar ved Michael Sars-senteret, Lionel Christiaen (Lionel.Christiaen@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen (Magnus.Larsen@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Michael Sars-senteret – Les meir her.