Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Center for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultetet, er det ledig ei stilling som postdoktor innan personvernbevarande teknologi og syntetiske data, med særleg vekt på ansvarleg deling og utveksling av data. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til KI-senteret AI LEARN.
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens starta opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra gjennom Forskningsrådet.
Denne postdoktorstillinga er knytt til klyngja for teknologiske framsteg ved AI LEARN-senteret, ei klyngje av prosjekt som skal møte det avgjerande behovet for avansert, menneskesentrert KI-teknologi for å styrkje menneskeleg læring. Målet med denne klyngja er å undersøkje korleis avansert, menneskesentrert KI-teknologi kan vidareutviklast for å styrkje menneskeleg læring, mellom anna ved å utforme, utvikle og evaluere system og modellar som fremjar læring gjennom KI-teknologi.
Postdoktoren skal bidra til klyngja for teknologiske framsteg ved å vidareutvikle generering av syntetiske data som ein sentral del av forskinga på personvernbevarande teknologi ved AI LEARN. Arbeidet vil omfatte utvikling, evaluering og validering av metodar for generering av syntetiske data som gjer det mogleg å dele og utveksle data på ein sikker og tillitvekkjande måte til læringsføremål. Postdoktoren skal utforme tilnærmingar som sikrar høg nytteverdi av data, samstundes som risikoen for reidentifisering og personvernlekkasje vert redusert på ein grundig og systematisk måte. Arbeidet til postdoktoren skal bidra til å byggje tillit i samfunnet gjennom bruk av syntetiske data og støtte kasusstudiar som gjev industripartnarane våre personvernbevarande løysingar for å teste og forbetre lærings- og utdanningsteknologi utan å vere avhengige av reelle data.
Det er venta at du samarbeider med eit team (andre ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar) for å tilføre nye perspektiv. Rettleiaren for postdoktoren er
førsteamanuensis Mohammad Khalil. Ta kontakt med han for meir informasjon om prosjektet.Det som blir tilsett skal delta i klyngja for teknologiske framsteg ved senteret.
Vi søkjer ein høgt motivert person som ønskjer å utmerkje seg i eit forskingsmiljø. Dei sentrale arbeidsoppgåvene og ansvarsområda omfattar mellom anna å:
Det er venta at den som blir tilsett, bur og arbeider i Bergen.
Du må:
Det er ein føremon om du har:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med det primære målet å utvikle forskingsprofilen og kompetansen din slik at du kan søkje ei stilling som førsteamanuensis. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Det må leverast ei førebels prosjektskisse på 4–6 sider (inkludert referanseliste) (sjå nedanfor for nærare informasjon). Dersom du vert tilsett i stillinga, skal prosjektforslaget ferdigstillast i samråd med prosjektleiaren (i dette tilfellet Mohammad Khalil). Det er eit krav at prosjektet vert fullført i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Praktiske spørsmål om søknadsprosessen skal rettast til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.