Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAOveringeniør
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig eit vikariat (50 %) som overingeniør i digitale og elektroniske medium, med tiltreding snarast. Vikariatet er på om lag 12 månadar, og kan bli forlenga. Stillinga inngår i et team av teknikarar ved seksjon for verkstader og tekniske tenester, og arbeidsoppgåvene løysast i samarbeid med de andre tilsette innan lyd, video og AV. Arbeidsmengda vil variere gjennom året, med høgare aktivitet i produksjons- og utstillingsperiodar og rolegare periodar i feriane.
Arbeidsoppgåver:
- Hovudansvar for videostudio i samarbeid med teamet, inkludert drift og vedlikehald. HMS og introduksjonskurs for studentar og tilsette.
- Bidra til drift av DMX lysriggar i bygget.
- Teknisk rådgjeving og støtte til studentar og tilsette i arbeid med video, lys og audiovisuelle løysingar.
- Teknisk tilrettelegging for utstillingar, med hovudvekt på projeksjon, skjermløysingar, medieavspelarar og digital signage.
- Drift og organisering av utlånslagera i samarbeid med studentassistentar og andre overingeniørar.
- Bidra til fleirkameraproduksjon og streaming ved arrangement i regi av KMD, for eksempel disputasar, konserter og seminar.
- Teknisk bidrag til gjennomføring av kurs og emne ved fakultetet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Nødvendig:
- Utdanning på minimum bachelornivå innan relevant fagområde, for eksempel videoproduksjon, medieteknologi eller teknisk/kunstnarisk utdanning. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med teknisk arbeid, for eksempel i galleri-, museums- eller utstillingssamanheng.
- God praktisk erfaring med videoproduksjon i studio og på lokasjon, inkludert kamera, lys, greenscreen, opptak og etterarbeid.
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
Ønskeleg:
- Erfaring med tekniske løysingar for utstilling: projeksjon, projeksjonsmapping, multiskjerm og digital signage, for eksempel MadMapper, BrightSign og Matrox.
- Erfaring med stop-motion, for eksempel ved bruk av Dragonframe.
- Erfaring med videoredigering og fargekorrigering, for eksempel DaVinci Resolve og Adobe-pakken.
- Erfaring med opplæring og/eller undervisning.
- Kjennskap til visuell programmering og 3D-verktøy, for eksempel TouchDesigner, Max, Blender eller Unreal. Erfaring med fleirkameraproduksjon, teknisk avvikling av arrangement, samt streaming, for eksempel ved bruk av Blackmagic Design ATEM, OBS og QLab produkt.
Personlege eigenskapar:
- Teknisk og løysingsorientert.
- Evne til å forstå kunstnariske idéar og omsette dem til gjennomførbare tekniske løysingar.
- Ryddig og systematisk i utstyrsforvaltning og utlån.
- Pedagogisk teft — en stor del av arbeidet handlar om å gjere studentar og tilsette i stand til å bruke utstyret sjølv.
- Sjølvstendig, initiativrik og god til å samarbeide.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Søknaden skal innehalde:
- Kort søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- CV, inkludert liste over kunstnarlege produksjonar og /eller annan organisatorisk erfaring som har relevans for stillinga
- Vitnemål som viser at du har relevant utdanning
- Relevante attestar og referansar
- Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.
Vi tilbyr:
- Utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som overingeniør (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 642 000 – 650 000 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til verkstadleiar/seksjonsleiar: Heine Nils Bringe (heine.bringe@uib.no).
For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.