Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAEigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av universitetet sine bygg og uteområde. Med høg fagkompetanse og tett samarbeid med fagmiljø og universitetsleiing, bidrar Eigedomsavdelinga til utviklinga av UiB som eit leiande universitet.
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i tre driftsområde, der to er lokalisert på Nygårdshøgda og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein områdeleiar. Ved kvart driftsområde er det drifts- og vedlikehaldsleiarar som rapporterer til områdeleiar. Driftsområda har òg driftsteknikarar som arbeider på dagtid.
Det er no 2 faste 100% stillingar som drifts- og vedlikehaldsleiar i eitt av driftsområda. Vi styrker bemanninga, sidan driftsområdet vil bli involvert i fleire store og viktige prosessar og prosjekt som Eigedomsavdelinga står framfor dei neste åra. Drifstsseksjonen vil vere sentral i implementering av nytt FDV-system, og vil også bli påverka av store bygge- og rehabiliteringsprosjekt som er under planlegging, m.a. rehabilitering av Historisk museum og nybygg for Det humanistiske fakultet.
Stillingene er plassert i Driftsområde Nord (Sydnes/nordlege Nygårdshøgda). Dette driftsområdet har ansvaret for ein variert bygningsmasse, m.a. kontor- og undervisningsbygg, bibliotek og veksthus, men òg nærvarmeanlegg, magasin og museum med høgare teknisk kompleksitet og krav til stabil drift.
Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til områdeleiar.
Vi ser etter ein person som er/har:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Områdeleiar Sanjin Redzic, tlf.: 97621456
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.