Tysnes kommune
Tysnes kommune søker sjukepleiar 100% i Uggdal. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 26. november 2026.
Skrevet av Tysnes kommune
Tysnes kommune har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar ved Tysnes omsorgssenter.
Omsorgssenter held til i lyse og moderne lokale i eit bygg frå 2017. Her finn du 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAD-plass og dagsenter for personar med demens. Heimetenesta er samlokalisert i bygget, noko som gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av tenestene.
Vi arbeider for å gi trygge og gode helse- og omsorgstenester med pasienten i sentrum. Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer som deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi er stolte av medarbeidarane våre, som kvar dag bidreg med fagkunnskap, engasjement og omsorg.
Vi legg vekt på godt samarbeid og eit arbeidsmiljø der folk trivst og latteren sitter løst.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og du får brukt kompetansen din og gjort ein forskjell for pasientane.
Høyrest dette spennande ut, er du velkomen til å søkje hos oss.
Ved ei eventuell tilsetting må du legga fram:
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss!
Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Langvaktturnus kan bli innført.
Medlemskap i KLP føl med tilsetting. Det betyr at du får blant ei av dei beste pensjonsordningane i Norge og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, når Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 81 andre ledige jobber for sykepleiere i Vestland nå, hos 67 arbeidsgivere. 16 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sjukepleiar 100% i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleiar 100% i Tysnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 10 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 12 stillinger siden juli 2026.
www.tysnes.kommune.noOrg.nr 973942409
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 945447fa-ee8d-4e91-8c29-6539f991b4c6. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
5 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tysnes kommune.
Helga Nilsen Boland
Einingsleiar Tysnes omsorgssenter
helga.n.boland@tysnes.kommune.no+47 951 76 846