Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta søker sjukepleiar/vernepleiar i Heimetenesta i Straume. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Øygarden kommune Heimetenesta
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar/vernepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Heimetenesta har 2 faste stillingar som er ledig frå snarast.
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Som vår nye kollega vil du kunna få 80 - 100% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du òg ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune
Du har autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tek vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 35 000 per år over tariff.
Vernepleiar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 25 000 per år over tariff.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 81 andre ledige jobber for sykepleiere i Vestland nå, hos 67 arbeidsgivere. 15 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta i Øygarden?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har ingen andre ledige stillinger hos oss nå, men de har lyst ut 8 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 979352727
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer ec0d941e-8224-41a2-8ab7-63482038269c. Se den hos Nav
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Øygarden kommune Heimetenesta.
Kate S. Løland
kate.loland@oygarden.kommune.no+47 950 71 121+47 561 60 500