Tysnes kommune
Tysnes kommune søker fagarbeidar - veg, vatn og avløp i Uggdal. Fast, heltid. Krav: fagbrev, 4+ års erfaring, førerkort B/C. Turnus. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Tysnes kommune
Vi har ledig stilling innan drift og vedlikehald og fagområde: veg, vatn og avløp.
Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av dei kommunale vatn- og avløpsanlegga og vegane. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat. Vedlikehald blir utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar. Du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du føl opp eksterne leverandørar ved behov. Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar.
Stillinga er organisert i eining for drift og vedlikehald, som har ansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Du blir ein del av eit fagmiljø med brei kompetanse og ei tydeleg samfunnsoppgåve.
Stillinga kan inngå i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender inn ein søknad.
Du må ha:
Det er ønskeleg med:
Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07-15. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. For tilsette i vaktordning på VA, har ein fast tilsynsoppdrag på laurdagar den veka ein har vakt. Tilsynsoppgåva inngår i samla årstimetal. Vaktordning blir kompensert med 1:5 og overtid på utrykningar.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.
Du blir tilsett i arbeidar- eller fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 20 jobber for rørleggere og VVS-montører i Vestland de siste 90 dagene.
645 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 565 000 og 710 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 7 andre ledige jobber for rørleggere og VVS-montører i Vestland nå, hos 7 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som fagarbeidar - veg, vatn og avløp i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som fagarbeidar - veg, vatn og avløp i Tysnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 10 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 12 stillinger siden juli 2026.
www.tysnes.kommune.noOrg.nr 973942298
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 19cb6041-cce6-4f69-a598-4fe69d683cf8. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tysnes kommune.
Jostein Meland
Einingsleiar drift og vedlikehald
jostein.meland@tysnes.kommune.no+47 900 92 587