Suldal kommune Suldal heimeteneste
Suldal kommune Suldal heimeteneste har en ledig stilling i Sand. Vikariat, deltid. Krav: førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 17. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og består av to avdelingar- Heimesjukepleien og Psykisk helse m/ tildelingskontoret. Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 53 årsverk.
Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år + , heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».
Som tilsett hos oss vert du del av ei viktig gruppe som skal trygge pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, i godt samarbeid med dine kollegaer, inkl våre øvrige tenester i kommunen.
Ta initiativ til/ være del av forbetringsarbeidet på arbeidsplassen (jf kommunen si satsing innan
LEAN)
Det er ein fordel om du kjenner til CosDoc, og kjenner til hovedtankane og arbeidsmetodane knytt til
«Gode pasient forløp».
Me søkjer deg som har:
Faglege og personlege utfordringar i eit arbeidsmiljø vi alltid arbeider for skal vært godt og
inspirerande.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Einingsleiar Svanhild Løge Skålheim ( mob 99 36 25 23)
Link til søknadsskjema:
Søk herSøknadsfristen er 17. november 2026.
Jobben er i Sand.
Du må jobbe på arbeidsplassen. Hjemmekontor går ikke. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Suldal kommune Suldal heimeteneste.
Psykisk helse:
Psykisk helse er organisert under Suldal Heimetenester i lag med heimesjukepleie og tildelingskontoret. Psykisk helseteneste gir tilbod til barn, unge og vaksne med psykiske vanskar og livskriser, og til deira pårørande. Tilbodet blir gitt som heimebesøk eller i lokala våre på Bjødnateigen. I psykisk helse jobbar me individuelt, i nettverk og i ulike aktivitetstilbod. Barne- og familieteamet gir tilbod til barn, unge og familiar. Brukarstemma er viktig for oss, og skal stå sentralt i utforminga av tilbodet me gir.
Tildelingskontoret:
Tildelingskontoret for tildeling av helse og omsorgstenester i Suldal kommune ligg organisert under Suldal Heimetenester. Tildelingskontoret fungerer som ei «dør inn» til helse- og omsorgstenesta, med mål om å gi god handsaming og kvalitet til alle som tek kontakt med kommunen for å søkje om helsetenester. Tilsette på tildelingskontorett har god kjennskap til tenestene kommunen tilbyr og er serviceinnstilt. Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering med fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling.
Suldal Heimetenester:
Heimesjukepleien tilbyr heimebaserte tenester i alle grendene i Suldal kommune, og er organisert i lag med psykisk helse og tildelingskontoret. Me tilbyr helsehjelp i heimen, praktisk bistand, middagsombringing og ulike dagaktivitetstilbod. Suldal Heimetenester tilbyr og kvardagsrehabilitering, førebyggjande heimebesøk og velferdsteknologiske løysingar. Dei tilsette i heimesjukepleien arbeidar sjølvstendig, er fleksible og løysingsorienterte. Me har fokus på å yte tenester av god fagleg kvalitet, der spørsmålet «kva er viktig for deg?» står sentralt i møte med brukarane våre.
Frist · 13 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Svanhild Løge Skålheim
svanhild.skaalheim@suldal.kommune.no+47 993 62 523Lagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.