Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda søker forskingssjef i Volda. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 4. januar 2027.
Skrevet av Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda ynskjer å auke forskingsaktiviteten og søker ein forskingssjef i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig og tilsetjing er snarast råd. Vi søker deg som kan ta ei strategisk rolle i å utvikle forsking og vår eksterne finansiering ved HVO saman med rektoratet og direktør, samtidig som du kan vere ein pådrivar og legge til rette for forskarane våre på dei vitskaplege avdelingane.
Du har doktorgrad eller tilsvarande innanfor relevant fagfelt og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren. Du har god røynsle frå forskingsprosjekt, og fortrinnsvis røynsle frå å få inn midlar frå andre kjelder som stiftingar og det private næringsliv. Du må ha gode språklege formidlingsevner på norsk og engelsk. Det er ein fordel med erfaring frå Høgskulen i Volda.
Vi ser etter deg som er ein pådrivar med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter. Du må vere ein som kan motivere og inspirere forskarane våre. Du må ha evne til å sette deg inn i nye og ulike fagfelt og kunne rådgje andre samtidig som du har administrative oppgåver. Du må vere løysingsorientert og kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Forskingssjefen har ansvar for forskingsadministrasjonen og skal vere rådgivar for rektoratet og direktør i forskingsspørsmål. Ei sentral oppgåve vil vere mobilisering for å auke tal søknadar om forskingsmidlar og bidra til å auke forskingskulturen- og aktiviteten ved HVO.
Forskingssjefen har det overordna ansvaret for forskingsformidling og publisering, samt ansvar for forskingsetikk ved høgskulen. Forskingssjefen er sakshandsamar spørsmål om forsking, er sekretær for Forskingsutvalet, ansvarleg for tildeling av ulike støtteordningar og representerer HVO i ulike eksterne organ knytt til forsking.
Høgskulen i Volda har universitetsambisjonar og ønskjer å utvikle og styrke våre eksterne inntekter på forsking og oppdragsverksemd. Forskingssjefen vil vere med å bygge opp ei kraftfull og effektiv eining til å få inn nye oppdrag og finansiering av forsking frå kjelder nasjonalt og internasjonalt.
Forskingssjefen rapporterer til høgskuledirektør og stillinga medfører personalansvar. HVO har ambisjonar om at avdelinga skal vekse i strategiperioden, og personalansvaret som følger med oppgåva likeså. Dagleg arbeidsplass er ved Høgskulen i Volda.
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Fellesadministrasjonen har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ. Stillinga er lønna mellom kr. kr. 890 000 - kr. 950 000,-. Ved særleg kvalifisert søkjar kan det vurderast høgare lønn.
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Nærare opplysingar om stillinga kan få få ved å kontakte direktør Jan Olav Bårøy, e-post: jan.o.baaroy@hivolda.no, tlf.916 24 313
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 29 jobber for forsknings- og utviklingsledere i hele landet de siste 90 dagene.
1 165 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 960 000 og 1 440 000 kr.
Annonsen sier: fra 890 000 til 950 000 kr i året. Det er i den laveste fjerdedelen for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er én annen ledig jobb for forsknings- og utviklingsledere i Møre og Romsdal nå.
Se alle ledige stillinger som forskningsdirektør i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som forskningsdirektør i Volda?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 4 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 8 stillinger siden juli 2026.
hivolda.noOrg.nr 874855502
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Høgskulen i Volda: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 1fb72ec3-653c-4ea9-ac31-98f33ced7440. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
39 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Høgskulen i Volda.