Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda søker høgskulelærar i medieproduksjon - st.nr. 16/2026 i Volda. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 27. november 2026.
Skrevet av Høgskulen i Volda
Arbeider du med film, TV eller audiovisuell innhaldsproduksjon, og ynskjer du å bruke kompetansen din til å utdanne morgondagens medieprodusentar? Då er dette jobben for deg!
Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for mediefag (AMF), har vi ledig ei 100% fast stilling i medieproduksjon ved Institutt for film og animasjon, frå 1. januar 2027. Dato for oppstart kan justerast etter avtale.
Ved bachelorprogrammet i medieproduksjon får studentane lære å produsere audiovisuelt innhald, einkamera- og fleirkameraproduksjonar, podcast og videoinnhald for ulike plattformar. Dei lærer om heile prosessen med idé- og konseptutvikling, research, visuelt språk og produksjonsteknikk, og får erfaring frå arbeid med regi, foto, lyssetting, lyd, klipp og produksjonsleiing.
Vi ser difor etter ein person som kan undervise i postproduksjon for video, klipp, fargekorrigering, grading og grunnleggjande lyddesign.
Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda.
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven.
Omfattande arbeidserfaring kan i nokre tilfeller kompensere for manglande formell utdanning
Søkjar må dokumentere eigen kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, samt eventuelle FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon. Det er ønskjeleg at søkjar legg ved dokumentasjon på filmar eller prosjekt med rollebeskriving som kan dokumentere søkjar sin kompetanse innan fagfeltet. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Stillinga skal dekke undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid innan medieproduksjon med fokus på klipp og etterarbeid av video. Den som vert tilsett vil etter kvart få emneansvar, noko som gjer at det også følgjer ein liten administrative ressurs med i stillinga.
Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda og Avdeling for mediefag har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt knytt til mediefag.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn for stillingstypen ved Høgskulen i Volda. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 535 580 – 667 260 i stillingskode 1007 høgskulelærar ved Høgskulen i Volda.
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Ivar John Erdal, Dekan
Telefon: 90 91 95 96 | E-post: ivar.john.erdal@hivolda.no
Jon Harman, Programleiar bachelorgrad i medieproduksjon
Telefon: | E-post: jon.harman@hivolda.no
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største utdanningsmiljø innan mediefag med rundt femti tilsette og over 500 studentar. Avdelinga har blant anna utdanning i journalistikk, animasjon, medieproduksjon, og PR, kommunikasjon og media. Avdelinga har også̊ ein engelskspråkleg mastergradsutdanning i Master in Media Practices.
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 19 jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 610 000 og 920 000 kr.
Annonsen sier: fra 535 580 til 667 260 kr i året. Det er under midten for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 4 andre ledige jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Møre og Romsdal nå, hos 2 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som høgskulelærar i medieproduksjon - st.nr. 16/2026 i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som høgskulelærar i medieproduksjon - st.nr. 16/2026 i Volda?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 6 stillinger siden juli 2026.
hivolda.noOrg.nr 874855502
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 34779798-99c9-4258-b806-75a2524e9237. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
6 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Høgskulen i Volda.