Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda søker høgskulelektor i film og medieproduksjon - st.nr. 17/2026 i Volda. Vikariat, heltid. Krav: mastergrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 9. desember 2026.
Skrevet av Høgskulen i Volda
Brenn du for film, TV og audiovisuell innhaldsproduksjon, og har du lyst til å føre kompetansen din vidare til dei som skal forme framtidas medieproduksjon? Då kan dette vere stillinga du har venta på.
Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for mediefag (AMF), har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling i film og medieproduksjon knytt til masterprogrammet Master in Media Practices (MMP), med oppstart 1. januar 2027 eller etter avtale. For rett søkjar er det mogleg å avtale ein redusert stillingsprosent, slik at ein kan halde fram med anna verksemd som er relevant for stillinga.
Medieyrka er i rørsle. Journalistar, kommunikasjonsrådgjevarar, animatørar, produsentar og dokumentarskaparar arbeider tettare saman enn før, og skiljelinjene mellom faga blir mindre tydelege. Som einaste institusjon i landet tilbyr Høgskulen i Volda ei praktisk-teoretisk mastergrad i medieproduksjon der studentar frå ulike medieyrke møtest på tvers.
Master in Media Practices er ei toårig mastergrad på 120 studiepoeng som gjev fordjupa kunnskap om medieyrket og forteljarformene i faget, saman med spesialisert innsikt i faktabasert medieproduksjon innanfor journalistikk, kommunikasjon, animasjon, produksjon og design. Her møtest fagfelta PR og kommunikasjon, journalistikk, grafisk design, animasjon og medieproduksjon i eit felles læringsmiljø, bygd rundt tema som er relevante for alle som skal arbeide profesjonelt i mediebransjen.
Samarbeid med arbeidslivet står sentralt, og både nasjonale og internasjonale aktørar ser til Volda når dei ønskjer praksissamarbeid. Studentane våre får arbeide tett på lærarar med brei røynsle frå medieindustrien heime og ute, og programmet held gode band til fagmiljø og kollegaer over heile verda. I løpet av studiet vel studentane anten ei teoretisk retning med skriftleg masteroppgåve, eller ei praktisk-teoretisk oppgåve med ein produksjon innanfor eige fagområde saman med ein skriftleg del.
Stillinga har eit særskilt ansvar for undervisning i filmfoto, og vi ser difor etter ein person som meistrar filmfoto og lyssetjing i alle situasjonar – ute på lokasjon, innandørs og i studio.
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven.
Søkjar må dokumentere eigen kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, samt eventuelle FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon. Det er ønskjeleg at søkjar legg ved dokumentasjon på filmar eller prosjekt med rollebeskriving som kan dokumentere søkjar sin kompetanse innan fagfeltet. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning.
Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda.
Den som blir tilsett, skal undervise og rettleie innanfor heile spennet i medieproduksjon – frå filmfoto og lyssetjing til klipp og lyd. Vidare skal ein kunne følgje studentane gjennom alle fasane i ein produksjon, frå idéutvikling og førproduksjon, via produksjonsplanlegging og opptak, til ferdigstilling i postproduksjon. I tillegg vil det følgje administrative oppgåver med stillinga, mellom anna emneansvar.
Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda og Avdeling for mediefag har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt knytt til mediefag.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn for stillingstypen ved Høgskulen i Volda. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 668 341 - 816 118 i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Ivar John Erdal, Dekan
Telefon: 90 91 95 96 | E-post: ivar.john.erdal@hivolda.no
Jon Harman, Programleiar bachelorgrad i medieproduksjon
Telefon: | E-post: jon.harman@hivolda.no
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største utdanningsmiljø innan mediefag med rundt femti tilsette og over 500 studentar. Avdelinga har blant anna utdanning i journalistikk, animasjon, medieproduksjon, og PR, kommunikasjon og media. Avdelinga har også ein engelskspråkleg mastergradsutdanning i Master in Media Practices.
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 20 jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 610 000 og 920 000 kr.
Annonsen sier: fra 668 341 til 816 118 kr i året. Det er rundt midten for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 3 andre ledige jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Volda nå, hos én arbeidsgiver.
Se alle ledige stillinger som høgskolelektor i Volda
Vil du vite når det kommer nye stillinger som høgskolelektor i Volda?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 4 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 8 stillinger siden juli 2026.
hivolda.noOrg.nr 874855502
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Høgskulen i Volda: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 3440f826-e7a7-4bb0-9283-f7495b81c544. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Høgskulen i Volda.