Lærdal kommune Tekniske Tenester
Lærdal kommune Tekniske Tenester søker arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift i Lærdal. Fast, heltid. Krav: fagbrev eller fagskole, 4+ års erfaring, førerkort B. Søknadsfristen er 30. november 2026.
Skrevet av Lærdal kommune Tekniske Tenester
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Me har ledig 100 % fast stilling som arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift.
Stillinga har ei sentral rolle i den daglege drifta, og inneber leiing og oppfølging av medarbeidarane i utedrifta.
Arbeidskvardagen hjå teknisk drift er variert og omfattar eit breitt spekter av oppgåver - frå drift og vedlikehald av kommunale vegar og uteområde til oppgåver knytte til kommunen sin bygningsmasse. Du vil ha ei viktig rolle i å planleggje, prioritere og følgje opp det praktiske arbeidet.
Me søkjer etter deg som har fagbrev og gjerne teknisk fagskule innan relevante fagområde. Lang og allsidig arbeidserfaring, kombinert med gode personlege eigenskapar, kan kompensera for manglande formell utdanning.
Erfaring frå drift, vedlikehald, anlegg, bygg eller liknande arbeidsområde vil vera relevant. Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel.
Førarkort klasse B er nødvendig.
Me ser etter deg som er praktisk anlagt, løysingsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag. Du tek ansvar, har god gjennomføringsevne og klarar å prioritera når fleire oppgåver må løysast samtidig.
Du er ryddig og rettferdig i møte med medarbeidarane, har gode samarbeidsevner og er oppteken av kvalitet i arbeidet. Stillinga krev at du kan samarbeida på tvers av fagområde og einingar, og sjå kommunen og oppgåvene våre i ein heilskap.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 16 jobber for vaktmestre i Vestland de siste 90 dagene.
590 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 535 000 og 675 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for vaktmestre i Vestland nå, hos 5 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift i Lærdal?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer fd8f88a0-8cd3-489f-bb69-1cafc7a9d580. Se den hos Nav
Frist
9 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Lærdal kommune Tekniske Tenester.
Jan Skeistrand
Avdelingsleiar teknisk drift, brann og beredskap
jan.skeistrand@laerdal.kommune.no+47 482 41 029