Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS søker byggdrifter i Bremnes. Fast, heltid. Krav: fagbrev, 1-3 års erfaring, førerkort B. Dagtid. Søknadsfristen er 25. november 2026.
Skrevet av Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS
Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.
Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid.
Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl. B.
Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar
Måling, overflatebehandling og anna innvendig og utvendig vedlikehald
Plenklipping, stell av grøntområde og anna vedlikehald av uteareal
Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg
Registrering og oppfølging av feil og vedlikehaldsbehov i BKE sitt FDV system
Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar
Ved behov praktisk oppfølging av handverkarar og eksterne tenesteleverandørar
Bestilling av materiell og mindre arbeid innanfor avtalte rammer
Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg
Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid
God opplæring og støtte frå kollegaer
Løn og arbeidsvilkår etter avtale
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 16 jobber for vaktmestre i Vestland de siste 90 dagene.
590 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 535 000 og 675 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for vaktmestre i Vestland nå, hos 5 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som byggdrifter i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som byggdrifter i Bømlo?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune. BKE eig og forvaltar 156 kommunale utleigebustader, næringseigedom og tomter, med ein samla verdi på om lag 219 mill. kroner.
Hovudoppgåva til BKE er å tilby kommunale utleigebustader, trygde- og omsorgsbustader til personar som har behov for bistand på bustadmarknaden. Utleiga skjer i samarbeid med Bømlo kommune. Selskapet kan også utvikle, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar til kommunale føremål.
BKE er ein liten organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid. Me held til i Hollundsdalen på Bømlo.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 3572bd13-53cf-4cc1-8b28-75dd49055756. Se den hos Nav
Frist
4 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Annonsen har ingen søknadslenke. Les annonsen for hvordan du søker, eller send en e-post til iuh@bke.no.
Ingrid Urheim Halleraker
Dagleg leiar
iuh@bke.no+47 908 69 444