Helse, sosial og omsorg (HSO)
Helse, sosial og omsorg (HSO) søker miljøterapeut i Bremnes. Fast, deltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 10. desember 2026.
Skrevet av Helse, sosial og omsorg (HSO)
Er du vernepleiar eller sjukepleiar? Ønskjer du å bidra til at menneske som får tenester i eigen heim, opplever tryggleik, meistring og sjølvbestemming?
Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Habiliteringstenesta har 2 x 90 % ledige stiliingar som vernepleiar/sjukepleiar, ei stilling i ordinær turnus med lange vakter tredje kvar helg og ei stilling i langvaktsturnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan bli aktuelt å auka stillingsprosenten på sikt.
Habiliteringstenesta gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande hjelpebehov. Me har for tida ca 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du ein del av eit utviklingsorientert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunna påreknast.
Det er ønskjeleg at du har:
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4 og § 5-4 a.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysningar:
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar Varhaug, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no
Line Hovland Stavland, Avdelingsleiar Raunevarden, 482 76 521, line.hovland@bomlo.kommune.no
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5211800647
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 87 jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland de siste 90 dagene.
635 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 590 000 og 690 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 28 andre ledige jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland nå, hos 23 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som miljøterapeut i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som miljøterapeut i Bømlo?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Helse, sosial og omsorg (HSO): om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer f925db1b-373a-41d8-8946-c7e187ca67ac. Se den hos Nav
Frist
12 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Helse, sosial og omsorg (HSO).
Line Hovland Stavland
Avdelingsleiar Raunevarden
line.hovland@bomlo.kommune.no+47 482 76 521