Øygarden kommune Psykisk helse og rus
Øygarden kommune Psykisk helse og rus søker miljøterapeut med medisinkompetanse i Rong. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 10. desember 2026.
Skrevet av Øygarden kommune Psykisk helse og rus
Tunet er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt. Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
Vikariatet er ledig frå 01.01.2027 til 31.10.2027
Stillinga har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit.
For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.
Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.
Vi ser etter deg som:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Avdelingsleiar: Rikke Etim tlf: 488 96 196
Rikke.etim@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 86 jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland de siste 90 dagene.
635 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 590 000 og 690 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 27 andre ledige jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland nå, hos 22 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som ledende miljøterapeut i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som ledende miljøterapeut i Øygarden?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har ingen andre ledige stillinger hos oss nå, men de har lyst ut 5 stillinger siden juli 2026.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Øygarden kommune Psykisk helse og rus: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5149a314-b254-4587-8dd8-499151e2d97b. Se den hos Nav
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Øygarden kommune Psykisk helse og rus.
Rikke Etim
Avdelingsleiar
rikke.etim@oygarden.kommune.no+47 464 03 434