Tysnes kommune
Tysnes kommune søker kulturskulelærar i piano og korps i Uggdal. Fast, deltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Tysnes kommune
Frå 01.02.2027 har Tysnes kulturskule ledig undervisningsstilling i inntil 65 prosent, primært innan piano og korps. Stillinga kan delast i to og kan kombinerast med stillinga som kulturskulerektor.
Tysnes kulturskule har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.
Vi ønsker at du har:
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss får du ei spennande og utfordande stilling i eit kreativt og dynamisk miljø. du får mulighet til å påverke og utvikle kulturskulen sine tilbod innan piano og korpsmusikk, samarbeide med dedikerte kollegaer i eit profesjonelt læringsfellesskap og i gode undervisningslokale.
Stillinga er lønsplassert i sentralt løns- og stillingsregulativ. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Dersom stillinga skal kombinerast med kulturskulerektor, blir heile stillinga lønsplassert i kapittel 3. Det blir gitt løn etter avtale, samt årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 17 jobber for andre musikklærere i hele landet de siste 90 dagene.
700 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 640 000 og 765 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 2 andre ledige jobber for andre musikklærere i Vestland nå, hos 2 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som kulturskulelærar i piano og korps i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som kulturskulelærar i piano og korps i Tysnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 10 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 12 stillinger siden juli 2026.
www.tysnes.kommune.noOrg.nr 976830849
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer e321ebb7-39ae-41a0-9959-ef3c9560aa57. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tysnes kommune.
Yngve Nikolaisen
Kulturskulerektor
yngve.nikolaisen@tysnes.kommune.no+47 468 15 697