Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker postdoktor i språk-, lese- og matematikkutvikling (WORDS2NUMBERS) i Bergen. Åremål, heltid. Krav: mastergrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 1. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgADet blir lyst ut ei treårig stilling som postdoktor ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd som ein del av forskingsprosjektet WORDS2NUMBERS. Arbeidsstaden er i Bergen. Det må reknast med noko reiseverksemd i samband med forskingssamarbeid og datainnsamling.
WORDS2NUMBERS undersøkjer kvifor lese- og matematikkferdigheiter, og vanskar innanfor desse områda, er tett knytte til kvarandre. Den utlyste stillinga er knytt til arbeidspakke 2 (WP2), som undersøker korleis ulike språkferdigheiter bidreg til matematisk utvikling over tid. Postdoktorkandidaten vil nytte data frå SpedAims-kohort, ei pågåande longitudinell studie som følgjer om lag 750 barn frå førskulealder og oppover i skulealder
Stillinga som postdoktor er ei mellombels tilsetjing der hovudføremålet er å vidareutvikle forskingsprofilen og kompetansen din, slik at du kan kvalifisere deg for stilling som førsteamanuensis. Tilsetjingsperioden er tre år.
Du kan ikkje vere tilsett som postdoktor i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. I samsvar med reglane til Forskingsrådet kan du heller ikkje tilsetjast meir enn éin gong som NFRfinansiert postdoktor.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli lagt til grunn ved handsaming av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurderinga frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 91 jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Vestland de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 610 000 og 920 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 28 andre ledige jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Bergen nå, hos 4 arbeidsgivere. 16 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som postdoktor i språk-, lese- og matematikkutvikling (words2numbers) i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 26 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 76 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 983455379
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer cdc02a77-7944-4a0e-898b-f4d9bcc3e34d. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
10 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.
Liv Eide
stedfortredande instituttleiar
+47 555 84 830