Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin) i Bergen. Åremål, deltid. Krav: mastergrad eller bachelorgrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin (samfunnsmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er lagt til Fagområde for Epidemiologi og Statistikk, og knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) i Bergen kommune. Arbeidsstad er Alrek helseklynge. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Arbeidsoppgaver vil bestå i forskning, undervisning og koordinering med Bergen kommune særleg knytta til samfunnsmedisinsk praksis
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Undervisningsgruppa i samfunnsmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Det er eit krav for førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast fire år etter tilsetjing, sjå retningsliner på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Løn er for tida kr 1 015 000 (kode 1013), løn for spesialist kr 1 035 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til professor Liv Grimstvedt Kvalvik (E-post: liv.kvalvik@uib.no, telefonnummer: +47 55588548). For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen (E-post: thomas.bentsen@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 28 jobber for legespesialister i Vestland de siste 90 dagene.
1 295 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 1 055 000 og 1 555 000 kr.
Annonsen sier: fra 800 000 til 850 000 kr i året.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 9 andre ledige jobber for legespesialister i Bergen nå, hos 9 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som professor ii/førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin) i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 26 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 76 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 983455271
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 1f3299ea-5fb4-4779-b783-80c170d0ce28. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.