Hudavdelinga, Helse Bergen HF
Hudavdelinga, Helse Bergen HF søker overlege i hud og veneriske sjukdommar i Bergen. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 4+ års erfaring. Skift. Søknadsfristen er 4. desember 2026.
Skrevet av Hudavdelinga, Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Tenestestad er både Hudavdelinga på Haukelandsområdet og poliklinikken ved Helsehuset på Knarvik ut frå avdelinga sine behov.
Hudavdelinga driv dagpost og poliklinikk, inkludert poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar, og ein satelittpoliklinikk i Knarvik (Nordhordland). Sengeposten har 15 plassar delt med Revmatologisk avdeling. Avdelinga er regionavdeling for hudsjukdommar og universitetsklinikk i Helse Vest, og den einaste med døgnsenger. Avdelinga dekker heile spekteret av akutt og kronisk hud- og venerisk sjukdom, og er leiande innan fagområde når det gjeld pasientbehandling, grunn- og spesialistutdanning, samt forsking. Hudkreft og inflammatorisk hudsjukdom, særleg psoriasis, er hovudtema i forskinga. Vi arbeider aktivt med forbetring av pasientforløp og har brukarmedverknad som særleg fokus.
Avdelinga har eit breitt klinisk tilbod innan dermatologi og venerologi, mellom anna med høg aktivitet innan diagnostikk og behandling av hudkreft, inkludert oppfølging av pasientar i risikogrupper. Vi har eit aktivt tverrfagleg samarbeid og arbeider kontinuerleg med å utvikle pasientforløp, forsking og undervisning.
Vi ønsker å rekruttere ein kollega som vil vere med på å styrke og vidareutvikle feltet i åra som kjem.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingeborg Bachmann, Avdelingsoverlege, ingeborg.bachmann@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5212869339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 28 jobber for legespesialister i Vestland de siste 90 dagene.
1 295 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 1 055 000 og 1 555 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 9 andre ledige jobber for legespesialister i Bergen nå, hos 8 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som overlege i hud og veneriske sjukdommar i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som overlege i hud og veneriske sjukdommar i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 3bbf66a7-c885-4bdc-bdf2-50abb235e6c2. Se den hos Nav
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Hudavdelinga, Helse Bergen HF.
Ingeborg Bachmann
Avdelingsoverlege
ingeborg.bachmann@helse-bergen.no