UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei mellombels 70 % stilling som universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk for perioden 1. januar 2027 - 30. juni 2027. Den tilsette vil ha arbeidsstad ved Institutt for pedagogikk.
I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på moglegheita for å tre raskt inn i undervisningsoppgåvene.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Astrid Tolo, professor, Institutt for pedagogikk, Astrid.Tolo@uib.no 55 58 48 81
Line Hilt, instituttleiar, Institutt for pedagogikk, Line.Hilt@uib.no,
55 58 48 45
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.